Historisk arkiv

Priv. til red.:

Statsråd Vidar Helgesens program veke 41

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsråden deltek denne veka mellom anna på EU-toppmøtet om ungdomsarbeidsløys i Milano.

Statsråden har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 7. oktober
Kl 12.30: Statsråd Vidar Helgesen møter dei tre dommarane i EFTA-domstolen. Stad: Parkveien 45.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536. 

Onsdag 8. oktober
Statsråd Helgesen reiser til Milano for å delta på EU-toppmøtet om ungdomsarbeidsløyse. Møtet blir innleia av den italienske statsminister Renzi, og det blir innlegg både frå Merkel, Holland, Barroso, Van Rompuy og Schulz. ILO, EIB og OECD deltek også.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536. 

Torsdag 9. oktober
Kl. 09.15: Statsråd Helgesen held innlegg om EUs klima- og energipolitikk og tydinga for Noreg, på Bellona-seminar om europapolitiske implikasjonar for norsk energi- og klimapolitikk. Stad: Bellonahuset i Oslo.

Kl. 18.00: Statsråd Helgesen taler ved opninga av utstillinga ”Romantiske landskaper” på Nasjonalmuseet.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.