Priv. til red.:

Statsråd Vidar Helgesens program veke 42

Statsråden deltek denne veka på møte i Stortingets Europautval, der han mellom anna skal orientere om regjeringa si haldning til det føreslåtte rammeverket for EUs klima- og energipolitikk mot 2030.

Statsråden har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 13. oktober
Kl. 10.00: Statsråd Vidar Helgesen deltek i Stortingets Europautval. Der skal han mellom anna orientere om Regjeringa si haldning til det føreslåtte rammeverket for EUs klima- og energipolitikk mot 2030. Helgesen vil òg orientere om ny Europakommisjon, forhandlingane om eit handels- og investeringspartnarskap mellom EU og USA (TTIP), samt deltaking i samanslutninga av europeiske reguleringsstyringsmakter for elektronisk kommunikasjon (BEREC). Statsråden vil òg oppdatere utvalet om status i forhandlingane om nye EØS-midlar og marknadsåtgang for fisk.

Pressekontakt er politisk rådgivar Benedicte Staalesen, telefon 468 11 754.

Tysdag 14. oktober
Statsråd Helgesen møter kommissær Johannes Hahn i Brussel. I kollegiet til påtroppande kommisjonspresident Jean-Claude Juncker er Hahn tildelt ansvaret for EUs naboskapspolitikk og utvidelsesforhandlingar. Hahn vil òg støtte Høykommissæren for utanrikssaker og sikkerheitspolitikk i koordineringa av relasjonene til EØS/EFTA-landa.

Pressekontakt er politisk rådgivar Benedicte Staalesen, telefon 468 11 754.

Torsdag 16. oktober
Kl 08.00: Statsråd Helgesen møter ESA-president Oda Helen Sletnes. Stad: Statsministerens kontor.

Kl 10.00: Statsråd Helgesen held opningsforedraget på «Norges Energidager» i regi av NVE. Stad: Holmenkollen Park Hotell.

Kl 12.00: Statsråd Helgesen held innlegg på møte i Tønsberg Næringsforening. Stad: Tønsberg.

Pressekontakt er politisk rådgivar Benedicte Staalesen, telefon 468 11 754.