Statssekretær Ringdal besøkjer Japan 4. til 6. juni

-Noreg og Japan er begge store fiskerinasjonar og har mange felles interesser. Japan er også Noregs viktigaste marknad for makrell og har hatt svært mykje å seie for bruk av laks som sushi, seier statssekretær Amund Drønen Ringdal.

-Noreg og Japan er begge store fiskerinasjonar og har mange felles interesser. Japan er også Noregs viktigaste marknad for makrell og har hatt svært mykje å seie for bruk av laks som sushi, seier statssekretær Amund Drønen Ringdal.

I tillegg til å ha politiske samtalar med sin kollega Dr. Shinichi Yokoyama i Ministeriet for landbruk, fiskeri og skog, skal Ringdal delta på Den marine vitskapsveka (Marine Science Week) i regi av Forskingsrådet, Noregs sjømatråd, Den japanske fiskeriorganisasjonen og Japans vitskaps- og teknologibyrå.

Statssekretæren skal også besøkje fiskemarknaden Tsukuji, ein sushi-workshop, ein japansk barnehage og Tokyos universitet for marin vitskap og teknologi. 

I 2013 vart det eksportert i underkant av 100 000 tonn norsk sjømat til Japan, og verdien var kring 2,5 milliardar kroner. Samanlikna med 2012 er det ein verdiauke på 15 prosent. Veksten kjem hovudsakleg av høgre laksepris. Målt i vekt var den norske eksporten i 2012 og 2013 om lag uendra.

Japan er den 10. viktigaste marknaden for norsk laks, med ein eksportverdi på 1,5 milliardar kroner i 2013. Det tilsvarar 60 prosent av total sjømateksport til Japan. Japan er den viktigaste marknaden for norsk makrell (i hovudsak fryst heil makrell). I 2013 enda eksporten av norsk makrell til Japan på 684 millionar kroner. Det kan også nemnast at ein stor del av makrelleksporten til Kina blir eksportert vidare til Japan.

Ved utgangen av april 2014 var eksporten til Japan på 736 millionar kroner, ein auke på 28 prosent samanlikna med tilsvarande periode året før. Auken heng saman med høgre pris på norsk laks, aure og makrell.