Statsbudsjettet

Stor satsing på folkebiblioteka

Det er foreslått å løyve til saman 48,5 millionar kroner til utvikling av folkebiblioteka. Det er ei styrking på 20 millionar kroner samanlikna med i 2014.

Det er foreslått å løyve til saman 48,5 millionar kroner til utvikling av folkebiblioteka. Det er ei styrking på 20 millionar kroner samanlikna med i 2014.

- Denne satsinga skal bidra til at biblioteka kan utvikle si rolle som kunnskapsformidlarar i ei digital tid, og gjere dei betre i stand til å formidle sitt litteratur- og kulturtilbod. Biblioteka er den mest brukte kulturarenaen vi har i Noreg, og innbyggarundersøkinga viser at bibliotek er den offentlige tenesta brukarane er mest nøgde med, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Midlane skal disponerast av Nasjonalbiblioteket og lysast ut som prosjekt- og utviklingsmiddlar. Nye metodar for formidling og tenesteutvikling, bibliotek som møteplass og bibliotek som arena for læring og for offentleg samtale og debatt, skal vektleggast i vurderinga av nye prosjekt. 

Løyvinga til folkebiblioteka er foreslått finansiert frå speleoverskotet frå Norsk Tipping AS (sjå eiga pressemelding om tippenøkkelen).