Statsbudsjettet

30 millionar kroner til Talent Norge

Regjeringa set av 30 millionar kroner til ei unik satsing på norske kulturtalent. Tiltaket vil få namnet Talent Norge. Målgruppa er unge med anlegg for ei lang kunst- eller kulturkarriere på høgt internasjonalt nivå.

Regjeringa set av 30 millionar kroner til ei unik satsing på norske kulturtalent. Tiltaket vil få namnet Talent Norge. Målgruppa er unge med anlegg for ei lang kunst- eller kulturkarriere på høgt internasjonalt nivå.

- På same måte som det blir satsa på breidde og elite i idretten, må også talentsatsing innanfor kulturfeltet stimulere grunnfjellet og toppnivået av unge talent i Norge, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Satsinga er retta mot unge talent og framifrå utøvarar som enno ikkje har starta opp med ei høgare kunstfagleg utdanning, i tillegg til nyutdanna musikarar, dansarar, visuelle kunstnarar og arkitektar.

- Mange kulturtalent treng tidleg innsats for ikkje å bli hengande etter i den internasjonale konkurransen om å bli blant dei beste i verda innan si kunstgrein. Og i overgangsfasen mellom kunstfagleg utdanning og kunstnarleg virke er det ekstra viktig å få talenta vidare i karrieren, seier Widvey.

Dei statlege talentutviklingsmidlane i Talent Norge er tenkt supplerte med private bidrag. Målet er å gjere ein samla innsats for å få høgre kvalitet i kunstfeltet, fleire norske kunstnarar i verdselita og synlege resultat for kultur- og kunst-Norge.

- Kunsten er utruleg viktig i eit samfunn. Til no har vi hatt lite rom for å dyrke fram dei som verkeleg har talent og vilje. Satsinga på å hjelpe fleire kunstnarar opp og fram er viktig for den plassen kunsten har i samfunnet. Ho er også viktig for å syne kor sentral kunst er for livskvalitet, kreativitet, skaparkraft og innovasjon. Her ligg eit uforløyst potensial som kan bety mykje for samfunnet vårt framover, seier Widvey.

Som del av regjeringa si satsing på unge talent aukar også tilskotet til Ungdommens kulturmønstring med 1 million kroner i budsjettforslaget for 2015.