Historisk arkiv

Strategi for å hindre arbeidslivskriminalitet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

I dag møttest partane i arbeidslivet og andre sentrale aktørar for å drøfte verkemiddel mot arbeidslivskriminalitet.

I dag møttest partane i arbeidslivet og andre sentrale aktørar for å drøfte verkemiddel mot arbeidslivskriminalitet.

- Ein veksande svart økonomi undergrev samfunnet. Det er også vanskelegare å kontrollere i ei meir globalisert verd. Og det er urettferdig at dei som driv seriøst blir utkonkurrerte, sa statsminister Erna Solberg då ho i dag inviterte til toppmøte om arbeidslivskriminalitet.

Stadig grovare arbeidslivskriminalitet er eit aukande problem i norsk arbeidsliv. Politiet og offentlege kontrolletatar rapporterer om samansette utfordringar. Det skjer brot på til dømes arbeidsmiljøreglar, innan skatt, trygdesvindel og personar med falsk identitet.

- For regjeringa er det viktig å verne om ein arbeidsmarknad som er prega av seriøse arbeidsgivarar, trygge arbeidsplassar og orda forhold. Derfor arbeider vi nå med ein strategi for å forsterke innsatsen mot arbeidslivskriminalitet, sa statsministeren.

Til stades på møtet var mellom andre arbeids- og sosialminister Robert Eriksson, LO, NHO, FAFO, Skatteetaten, Riksadvokat og Arbeidstilsynet.