Historisk arkiv

Svar på spm. 50 frå stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Finansdepartementet

Auka produktavgift på saft

Eg viser til brev 14. oktober 2014 frå Stortinget sin president vedlagt følgjande spørsmål til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete:

Spørsmål:
«Kva ligg til grunn for auka i produktavgifta på saft i regjeringa sitt framlegg for statsbudsjettet 2015?

Grunngjeving:
1. januar 2007 blei det innført produktavgift på saft i Noreg. Denne produktavgifta har Høgre, og spesielt Høgre sin stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, Bjørn Lødemel, marknadsført seg som ein tydeleg motstandar av. Også Jan Tore Sanner og statsminister Erna Solberg har vitja Lerums og fått informasjon om saka.

Tysdag den 12. juni 2012 sa Lødemel følgjande til Sogn Avis:

«Eg håpar no at me snart skal få bukt med den urettferdige produktavgifta dei raudgrøne partia på Stortinget innførte i 2007. Ei avgift som kom nærast over natta, og som for ei verksemd som Lerum Fabrikker førte med seg eit avgiftshopp på 40 millionar kroner i året».

I eit lesarinnlegg i Sogn Avis 4. desember 2012, etter finansdebatten, skreiv Lødemel:

«Dersom Sp- og Ap-politikarane frå fylket hadde gjort som Høgre og sett handling bak orda hadde Lerum fått redusert produktavgifta med 20 millionar kroner. Det hadde styrkt konkurransekrafta og sikra viktige arbeidsplassar både i landbruksnæringa i Sogn og Fjordane og hjå Lerum. Eg håpar veljarane gjev Høgre tillit så vi kan få gjort noko med dette etter 9. september 2013.

I forslaget til neste års statsbudsjett har regjeringa gjort det stikk motsette av kva Høgre sin representant frå Sogn og Fjordane har varsla i lang tid. I staden for å redusere avgifta har ein i budsjettforslaget auka avgifta med sju øre. Ei av bedriftene som vil merke effektane av dette er Lerum AS. For Lerum AS vil dette bety éin million kroner i ekstra utgifter. I tillegg opplever selskapet ei auka grunnavgift på to øre per flaske. Den raudgrøne regjeringa la i budsjettet for 2014 fram forslag om å endre produktavgifta slik at kun dei produkta med aller mest sukker skulle bli omfatta. Etter regjeringsskiftet har dette arbeidet stansa opp.»

Svar:
Spørsmålet gjeld avgifta på alkoholfrie drikkevarer. Frå 1. januar 2007 blei avgifta lagt om av regjeringa Stoltenberg II. Etter omlegginga er hovudregelen at alle alkoholfrie drikkevarer som er tilsett sukker eller kunstig søtstoff, er omfatta av avgifta. Bakgrunnen for omlegginga var ein handlingsplan for betre kosthald, jf. St.prp. nr. 1 (2006–2007) Skatte, avgifts- og tollvedtak. I Stortinget blei det ikkje vedteke noko særskild unntak for saft.

Under regjeringa Stoltenberg II blei avgifta auka reelt med 55 pst. for 2009 og med ytterligare vel 5 pst. reelt for 2013. For alle andre budsjettår  under regjeringa Stoltenberg II blei avgifta prisjustert.  

I framlegget til statsbudsjett for 2015 har regjeringa berre foreslått å prisjustere avgifta på alkoholfrie drikkevarer. Vi ser ikkje det som ei reell avgiftsauke. I Noreg har det i mange år vore fast praksis å ustere særavgiftene for inflasjonen.

Det er elles ikkje rett at den raudgrøne regjeringa la fram forslag for Stortinget om å endre avgifta for saft. I statsbudsjettet for 2014 varsla regjeringa Stoltenberg II berre om at ein ville: «vurdere hvordan avgift på alkoholfrie drikkevarer basert på høyt innhold av frukt, bær eller grønnsaker kan reduseres eller fjernes.», jf. Prop. 1 LS (2013–2014) Skatter, avgifter og toll 2014.

Med helsing

Siv Jensen