Historisk arkiv

Teknisk jordbruksavtale 2014 - 2015

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Avtalepartane blei ikkje samde om ny jordbruksavtale ved jordbruksoppgjeret 2014. På forhandlingsmøtet 13. mai 2014 blei partane einige om å utarbeide ein teknisk jordbruksavtale på grunnlag av handsaminga av oppgjeret i Stortinget.

Den tekniske jordbruksavtalen gjev detaljinformasjon om kva grunnlag som gjev rett på tilskot, satsar og frist for å søkje. Føresegner knytt til målprisane på mjølk, svinekjøt, korn og i grøntsektoren står her. Dokumentet regulerer grunnlaget for utmåling av storleiken på tilskota til kvart føretak, og inneheld òg føresegner om marknadsreguleringa av dei viktigaste jordbruksvarene. 

Dokumentet inneheld ikkje føresegner som er tatt inn i forskriftene for ordningane. I forskriftene for tilskotsordningane er vilkåra som må vere oppfylte for at ein produsent skal ha rett på tilskot.