Revidert nasjonalbudsjett:

Tilsegn om statleg tilskot til Sykkel-VM i Bergen i 2017

Regjeringa ber Stortinget om fullmakt til å inngå ein avtale med Norges Cykleforbund, Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune om å dekkje inntil 30 millionar kroner til sykkel-VM i Bergen i 2017.

Regjeringa ber Stortinget om fullmakt til å inngå ein avtale med Norges Cykleforbund, Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune om å dekkje inntil 30 millionar kroner til sykkel-VM i Bergen i 2017.

Meisterskapet vil ha særskilte anleggsutfordringar. Løyvinga skal gå til å dekkje tiltak innan veg, politi- og tryggleik og kollektivtrafikk, i tillegg til eit frivilligprogram.

Ein føresetnad for løyvinga er at Bergen vert tildelt meisterskapet.