Statsbudsjettet

Tilskot til film og filmformidling

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

- Regjeringa ønskjer å sikre vidareføring av viktige filmformidlings- og tilgjengeleggjeringstiltak, som filmfestivalar, cinematek og synstolking, i påvente av ein større gjennomgang av filmfeltet i den komande stortingsmeldinga om film. Vi øyremerkjer difor midlar til dette også i 2015, seier kulturminister Thorhild Widvey.

- Regjeringa ønskjer å sikre vidareføring av viktige filmformidlings- og tilgjengeleggjeringstiltak, som filmfestivalar, cinematek og synstolking, i påvente av ein større gjennomgang av filmfeltet i den komande stortingsmeldinga om film. Vi øyremerkjer difor midlar til dette også i 2015, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Av løyvinga på 737,8 millionar kroner til filmområdet foreslår regjeringa at 452,2 millionar kroner går til audiovisuelle produksjonar via Norsk filminstitutt. Regjeringa ønskjer at maktspreiing og mangfald skal styrkast gjennom desentralisering av avgjerder. Det blir difor lagt opp til at tilskotsforvaltinga på filmområdet blir forenkla. Ho skal også gjerast meir fleksibel, ved at Norsk filminstitutt sjølv skal fastsetje fordelinga av midlar i tilskotsordningane sine.

Regjeringa foreslår å løyve 10,7 millionar kroner til filmfestivalar og 3,8 millionar kroner til cinematek i 2015. Tilskotet til filmfestivalar er ein auke på 3,4 millionar kroner frå tilskotet til filmfestivalar i 2014. Den komande stortingsmeldinga om film vil drøfte kor ansvaret for filmfestivalar og cinematek skal plasserast i framtida. Tilskota blir foreslått for å sikre vidare drift av filmfestivalar og regionale cinematek fram til gjennomgangen av tilskotsordningane i den varsla stortingsmeldinga.

Kulturdepartementet ønskjer at norske filmar skal nå ut til eit størst mogeleg publikum. For å sikre blinde og svaksynte tilgang til norsk film, vil Kulturdepartementet i 2015 gi 200.000 kroner til Film & Kino øyremerkje synstolking. Synstolking av norsk film er eit tema som vil bli behandla i stortingsmeldinga om film.

Resten av løyvinga til filmområdet går til regionale filmverksemder, driftstøtte til Norsk filminstitutt og Medietilsynet, utgifter til mediedelen av norsk deltaking i Kreativt Europa og diverse tilskot til ymse faste tiltak.