Historisk arkiv

Tine Sundtoft besøker regnskogen i Indonesia

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Klima- og miljødepartementet

Klima og miljøminister Tine Sundtoft besøker Indonesia 21. til 25. april 2014. Formålet med reisa er å bli kjend med landet, som er eit av Noregs viktigaste samarbeidsland gjennom klima- og skogprosjektet.

- Det er viktig for meg å bli kjend med landet og dei utfordringane Indonesia står overfor i kampen  for regnskogane. Dei siste åra har Indonesia vist stor politisk vilje til å stanse hogsten av dei enorme regnskogane i landet. Med denne reisa vise Noreg at vi  støtter  ambisjonane til Indonesia om å redusere avskoginga og legge om til grøn vekst, seier Tine Sundoft.

Indonesia har  det tredje største klimagassutsleppet i verda, etter USA og Kina. Nesten 80 prosent av utsleppa kjem frå  øydelegging av regnskogar og torvmyrer, hovudsakleg for å rydde skog til plantasjar for palmeolje.

- Palmeolje er ei viktig kjelde til inntekt for mange i Sørøst-Asia, men produksjon av palmeolje må skje på ein måte som ikkje er negativt for miljø og lokalsamfunn, seier Tine Sundtoft.

Ho skal møte verdas største forhandlar av palmeolje, Wilmar. Dette selskapet har forplikta seg til å produsere palmeolje på ein berekraftig måte.

- Det er mogleg å produsere palmeolje på ein berekraftig måte. Det er viktig å støtte dei selskapa som har forplikta seg til prinsippa for berekraftig produksjon, slik som Wilmar. Selskap må vere opne for ettersyn, slik at vi er sikre på at alle ledd i produksjonen er berekraftige. Noreg følgjer spent med på om Wilmar greier denne omlegginga, seier Sundtoft.

Reisa til Sundtoft inneber felttur til regnskogen på  Borneo. Sundtoft skal også  møte indonesiske myndigheiter og representantar frå sivilsamfunn.

- Eg gler med til å sjå med eigne auge korleis dei arbeider med å ta vare på skogen i lokalsamfunna i Indonesia, seier Sundtoft.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar i Klima- og miljødepartementet, Gunhild Oland Santos-Nedrelid, telefon 95 16 49 06.

Indonesia har lova å redusere sine klimagassutslepp med 26 prosent ved hjelp av egne midler, og 41 prosent med internasjonal hjelp. Her fra regnskogen i Papua i Indonesia. (Bilde: Cifor)