Tjue millionar til sikring av stavkyrkjer og tette trehusmiljø

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Brann er den største trugselen mot vår tusen år gamle skikk med å byggje i tre. Noreg har 28 stavkyrkjer og 180 tette trehusmiljø som er særleg utsette for brann.

Brann er den største trugselen mot vår tusen år gamle skikk med å byggje i tre. Noreg har 28 stavkyrkjer og 180 tette trehusmiljø som er særleg utsette for brann.

Regjeringa styrkjer i forslaget til budsjett innsatsen mot brann i tette trehusgrender og i stavkyrkjene.

-Regjeringa prioriterer å sikre tette trehusmiljø og stavkyrkjer mot brann ved å auke budsjettet med 20 millionar kroner. Dette er viktig for å redusere tapet av nasjonale verdiar. Samtidig byggjer satsinga opp under regjeringa sitt overordna ønske om å betre rammevilkåra for private eigarar av kulturminne, seier klima- og miljøminister Tine Sundtoft.

Trehusmiljøa finst over heile landet, men dei fleste er langs kysten og særleg langs Oslofjorden og i Aust- og Vest- Agder. Miljøa inneheld mellom femten og tjue tusen bygningar – ein stor del av dei er private bustader.

I Noreg har det vore ein tradisjon for å byggje i tre. Historisk har byane våre ofte vore utsette for brann, og vi har lite igjen av denne typen historiske bygningsmiljø.

Brannen i Lærdal rette merksemda mot kor sårbare dei tette trehusgrendene er. Slike miljø bidreg til ei kjensle av identitet for folk som bur i området. Mange stader er dei også sentrale i verdiskaping for reiselivet.

Regjeringa vil prioritere dei kommunane som har beredskapsplanar for sine freda eller verneverdige eigedomar og som vil vere med på eit spleiselag. Pengane skal særleg settast inn der verdiane er størst og moglegheitene for rask og massiv innsats frå brannvesenet er avgrensa.

- Dette skal være ein dugnad kor vi investerer i dag for å  sikre viktige verdiar for framtida, avsluttar Sundtoft.