Tolking i offentleg sektor – eit spørsmål om rettstrygging og likeverd

Regjeringas offentlege utval som har sett på bruk av tolk i offentleg sektor la i dag fram si utgreiing og sine tilrådingar til statsråd Solveig Horne.

- Eg vil takke utvalsleiar Anne Kari Lande Hasle og resten av Tolkeutvalet for eit grundig og godt arbeid. Funna herifrå ser ut til å stadfeste det vi har sett frå IMDis kartlegging av bruk av tolk i offentleg sektor gjennom fleire år. Eg vil no sende NOUen ut på høyring og ser fram til mange konstruktive innspel til dette viktige arbeidet vidare, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (FrP).

Tolkeutvalets oppdrag har vore å utgreie og fremje forslag til samordna, kvalitetssikra og effektiv organisering av tolking i offentleg sektor. Utvalet har hatt eitt år på sitt arbeid.

Les NOU'en her. 

Statssekretær i Kommunal og moderniseringsdepartementet Jardar Jensen (H), barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (FrP) og utvalgsleder Anne Kari Hasle. (Foto: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet)

Pressemelding frå Tolkeutvalet

Utvalsleiar Anne Kari Lande Hasle seier at det er heilt nødvendig med ein snuoperasjon for at offentlege tenesteytarar skal kunne kommunisere via tolkar som er godt nok kvalifiserte.

- Utgreiinga viser at underforbruk og mangelfulle tolketenester svekker rettstryggleiken og er ein fare for liv og helse. Utgreiinga dokumenterer at offentlege styresmakter bruker mykje ressursar på å utdanne tolkar som ikkje blir nytta. I staden vel store delar av offentleg sektor den billigaste og dårlegaste løysinga. Anten brukar dei ikkje tolk i det heile tatt eller så nyttar dei tolkar med lave tolkefaglege kvalifikasjonar. På sikt taper både samfunnet og enkeltindivid på dette, seier Lande Hasle.

Eiga lov

Utvalet går inn for å innføre ei eiga tolkelov. Lovforslaget inneber ei plikt for offentlege tenesteytarar til å tilkalle kvalifisert tolk når omsynet til rettstryggleik og likebehandling er sentralt. Utvalet foreslår i tillegg ein opptrappingsplan som skal gjere det mulig å oppfylle plikta til å bruke kvalifisert tolk frå og med 2019.

Tolking til og frå samisk

Lande Hasle minner om samisktalandes rett til å velje mellom bruk av norsk og samisk innanfor forvaltningsområdet for samisk språk. For å kunne kome denne retten i møte er det behov for fleire kvalifiserte tolkar i samiske språk (nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk). Utvalet foreslår derfor at statsautorisasjonsordninga for tolkar også skal gjelde for tolkar i dei samiske språka. I tillegg tilrår utvalet at det blir etablert ei tolkeutdanning ved Samisk høgskole.

- Norskopplæring kan ikkje erstatte behovet for tolketenester. Det vil alltid vere ein situasjon der nye innvandrarar, turistar eller utanlandske studentar og arbeidstakarar snakkar såpass lite norsk at kommunikasjonen med offentlege styresmakter blir vanskeleg. Dessutan kan tillært språk bli borte i kritiske og stressande situasjonar, seier utvalsleiaren.