Tom Remlov ny sjef for Riksteatret

Kulturdepartementet har tilsett Tom Remlov som Riksteatersjef for ein åremålsperiode på fem år frå 1. april 2015.

Ny sjef for Riksteatret Tom Remlov, kulturminister Thorhild Widvey og avtroppande sjef Ellen Horn.

Ny sjef for Riksteatret Tom Remlov, kulturminister Thorhild Widvey og avtroppande sjef Ellen Horn. (Foto: Riksteatret)

Kulturdepartementet har tilsett Tom Remlov som Riksteatersjef for ein åremålsperiode på fem år frå 1. april 2015.

Tom Remlov (f. 1949) har sidan 1. august 2008 vore administrerande direktør ved Den Norske Opera & Ballett. Åremålsperioden går ut 31. juli 2014.

Tom Remlov er utdanna i teaterregi ved Drama Centre London (1973). Han var teatersjef ved Den Nationale Scene i Bergen frå 1986 til1996. Frå 1996 til 2001 var han direktør for Norsk Film AS, og frå 2001 til 2008 førsteamanuensis og leiar for produsentutdanninga ved Den norske filmskulen. Remlov har hatt fleire styreverv innan kulturfeltet. Han har oversatt fleire sceneframsyningar og filmar, og har produsert og co-produsert meir enn tjue filmar.

- Med tilsettinga av Tom Remlov har Riksteatret fått ein teatersjef med brei erfaring frå leiarskap og organisasjonsbygging, og som har eit tydeleg kulturpolitisk engasjement. Eg er trygg på at Tom Remlov kan vidareføre og utvikle Riksteatret som ein sentral aktør i norsk scenekunst, seier kulturminister Thorhild Widvey.