Statsbudsjettet 2015:

Transportreform skal gi raskare utbygging og meir effekt ut av ressursbruken

– Vi vil kombinere auka løyvingar til samferdsel med ein gjennomgripande reform av sektoren for å kutte tidsbruken og få meir igjen for pengane, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen. I budsjettet blir det løyvd pengar til utgreiing og førebuing av reformene.

– Vi vil kombinere auka løyvingar til samferdsel med ein gjennomgripande reform av sektoren for å kutte tidsbruken og få meir igjen for pengane, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen. I budsjettet blir det løyvd pengar til utgreiing og førebuing av reformene.

Frå mange hald er det fremja kritikk mot lang planleggingstid, høg kostnadsvekst og oppstykka prosjekt. Regjeringa meiner samferdselssektoren kan organiserast på ein langt betre måte enn i dag og er i full gang med å legge til rette for ei transportreform.

Første skritt på vegen vil vere å etablere eit utbyggingsselskap for veg, nok Stortinget blei orientert om i revidert budsjett for 2014. Samferdselsdepartementet tek sikte på å etablere eit slikt selskap i løpet av 2015. Det skal vere operativt med planlegging og utbygging av konkrete riksvegprosjekt snarast mogleg etter etableringa.

– Dette vil gi meir stabil og føreseieleg finansiering og planlegging av viktig infrastruktur, seier samferdselsministeren.

Jernbanereform og endringar i Nasjonal transportplan
Samferdselsdepartementet arbeider også med ei reform av jernbanesektoren der målet er å få på plass ein betre styringsstruktur, ei meir forretningsmessig organisasjonsform, betre kundeorientering og i tydelegare mål for sektoren.

Også Nasjonal transportplan er ein del av reformarbeidet. Blant anna blir det vurdert å utvikle Nasjonal transportplan i meir strategisk retning, der Stortinget vedtar nasjonale planar med mål, rammer, tiltak, finansiering og samfunnsøkonomisk lønsemd, mens fagetatar og selskap i større grad tek ansvar for detaljar og gjennomføring.

I tillegg held Samferdselsdepartementet fram med arbeidet med ein nasjonal hamnestrategi og for ein bompengereform.

Regjeringa foreslår å løyve 12 millionar kroner til kjøp av kompetanse i arbeidet med Transportreforma i 2015.