Utlysing: Bulgaria søker norske fornybar-partnarar

EØS-midlane

Om lag 70 prosent av Bulgarias energiforbruk vert dekt gjennom import, mellom anna frå Russland. For å auke bruken og produksjonen av fornybar energi, søker Bulgaria etter norske partnarar.

Foto: EU-kommisjonen

Om lag 70 prosent av Bulgarias energiforbruk vert dekt gjennom import, mellom anna frå Russland. For å auke bruken og produksjonen av fornybar energi, søker Bulgaria etter norske partnarar.

Noreg bruker om lag 110 millionar kroner på fornybar energi og energieffektivitet i Bulgaria gjennom EØS-midlane. Støtte til prosjekt er nyleg lansert, og frist for å søke er 7. januar 2015.

– Programmet vil bidra til å redusere CO2-utslippa i Bulgaria med minst 35.000 tonn, sier viseminister Anton Pavlov frå bulgarske økonomi- og energidepartementet.

Norsk ekspertise og kompetanse er etterspurt til prosjektsamarbeid. Norske partnarar vil få dekka utgiftene sine. Det er også mogleg å søke om reisestøtte for å møte potensielle partnarar og utvikle felles søknader.

EØS-midlar er tilgjengelege for prosjekt innanfor mellom anna desse områda:

  • Produksjon av fornybar energi frå biomasse
  • Energieffektivisering av offentlege bygg
  • Opplysnings- og haldningskampanjar om ENØK mv

Noregs vassdrags- og energidirektorat deltek i gjennomføringa av programmet og kan svare på spørsmål og hjelpe til med å finne relevante prosjektpartnarar i Bulgaria (se kontaktinfo lengre ned på sida).

For nokre kan det bli for omfattande å vere med i større prosjekt. Det er likevel ikkje til hinder for at du og din organisasjon kan delta. Det er nemleg òg mogleg å søke om støtte til felles konferansar/seminar, rådgjeving, kunnskaps- og erfaringsutveksling, utarbeiding av felles rapportar mv.

Det er planlagd informasjonsmøte i Bulgaria november. Kontakt NVE om korleis du kan delta.

Ytterlegare informasjon: