Utlysing: Forskingssamarbeid med Hellas

EØS-midlane

Aukande økonomisk og sosial ulikskap som følgje av den økonomiske krisa er tema for forskingsprogrammet Noreg finansierer i Hellas gjennom EØS-midlane. Norske partnarar er ønska til samarbeid.

Den økonomiske krisa har gjort at fleire faller utanfor det greske samfunnet. Bildet er frå solidaritetshuset i Aten kor fattige familiar og heimlause kan få mat og klede. Foto: Christian Grotnes Halvorsen, UD

Programmet utgjer 2,9 millionar euro og tek i mot søknader om støtte til forskingsprosjekt innanfor følgjande område:

  • Sosial ulikskap og ekskludering
  • Likestilling og balanse mellom arbeid og fritid
  • Kulturelt mangfald

EØS-midlane skal bidra til å styrke samarbeidet og kontakten mellom Noreg og Hellas. Norske partnar er derfor oppmoda om å delta i prosjekt.

Det er kort tid som er set av til gjennomføring (innan april 2016), og det kan vere lurt å ha dette bakhovudet i utforminga av prosjekta og prosjektsøknadene.

Det er også ei målsetting å bruke forskingsprogrammet til å styrke utdanningssamarbeidet mellom Hellas og Noreg, og det opna for at stipend til mellom anna gradstudentar kan inngå i prosjekta.

Søknadsfrist er 19. desember då.

Gjennom EØS-midlane har Noreg sett av over ein milliard kroner til forskingssamarbeid med Tsjekkia, Estland, Ungarn, Latvia, Polen, Romania og Hellas.

Les meir: