Utlysing: Grensesamarbeid med Ukraina

EØS-midla

Samstundes med den pågåande krisa i Ukraina, held den norske støtta til grensesamarbeid mellom Ukraina og Slovakia fram. Også norske kommunar og organisasjonar kan delta.

Kim Stenersen i Barentssekretariatet har ansvaret for grensekryssande sport- og kultursamarbeid mellom Slovakia, Ukraina og Noreg. (Foto: Barentssekretariatet)

Samstundes med den pågåande krisa i Ukraina, held den norske støtta til grensesamarbeid mellom Ukraina og Slovakia fram. Også norske kommunar og organisasjonar kan delta.

­Samarbeid over landegrensene bidreg til å stimulere kontakt i komplekse regionar og spiller ei stabiliserande og fredsskapande rolle langs EUs ytre grense, seier Rune Rafaelsen, leiar av det norske Barentssekretariatet og med på å gjennomføre programmet i grenseområdet mellom Slovakia og Ukraina.

Barentssekretariatet har tatt med seg meir enn 20 års erfaring frå slikt grensesamarbeid inn i programmet som er finansiert av Noreg gjennom EØS-midla.

Støtta er på 12,7 millionar euro (om lag 105 millionar kroner) og skal gå til prosjekt som bidreg til samarbeid om sosial og økonomisk utvikling i regionane Presov og Kosice på slovakisk side og Transkarpatia på ukrainsk side.

{Kart (Google Map)} 

Dette er fattige område der økonomien utgjer under 30 prosent av snittet i EU per innbyggjar og ligg langt unna hovudstadene i dei to landa.

Målet er gjennom samarbeid å finne felles løysingar på felles utfordringar. Lokale og regionale styresmakter, frivillige organisasjonar, skular og kulturorganisasjonar er blant aktørane som kan få støtte til samarbeidsprosjekt.

Støtta er lyst ut i fleire omgangar. I augneblinken er det mogleg å søke om støtte til mindre prosjekt.

Samstundes er evalueringa av 83 søknader som kom inn like over nyttår, i gang. I tråd med målsettinga for EØS-midla om å styrke kontakten og samarbeidet mellom Noreg og mottakarlanda, er ei rad norske partnarar med i mange av søknadene. Kven som får støtte, skal etter planen vere klart nærmare sommaren.

Noreg støttar liknande grensekryssande samarbeid i Bulgaria og nabolanda Serbia, Makedonia og Tyrkia.

Les meir: