Utlysing: Hjelp Romania få kontroll på miljøgifter

EØS-midla

Har organisasjonen din kompetanse på handsaming av kjemikaliar og farleg avfall? Romania søker norske partnarar som kan hjelpe landet overhalde europeiske miljøstandardar.

Foto: Marianne Gjørv

Har organisasjonen din kompetanse på handsaming av kjemikaliar og farleg avfall? Romania søker norske partnarar som kan hjelpe landet overhalde europeiske miljøstandardar.

Gjennom EØS-midla har Noreg sett av 10 millionar euro til å bidra til å redusere skadar på miljø og menneske som følgje av miljøgifter i Romania.

Romania har store utfordringar med å følgje opp felles europeiske lovverk innanfor dette område.

Føremålet med EØS-midla er mellom anna å styrke samarbeidet mellom Noreg og Romania, og norske partnarar er derfor ønska til samarbeidsprosjekt.

Det er mogleg å få støtte til prosjekt innanfor følgande område:

  • Utvikling av handlingsplanar og risikoanalysar
  • Utvikling av rapporteringssystem og informasjonsutveksling
  • Opplæring og kompetansebygging i offentleg sektor
  • Informasjonskampanjar mv

Last ned heile utlysingsteksten for meir informasjon.

Miljødirektoratet er involvert i programmet frå norsk side, og kan hjelpe til med å finne potensielle partnarar.

Norske partnarar får dekka utgiftene sine til å delta i samarbeidsprosjekt. Sjå guide til eit godt samarbeid for tips og råd (lenke under).

Frist for å søke er: 5. november 2014

Meir informasjon