Utlysing: Kultursamarbeid med Litauen

EØS-midla

Noreg og Litauen ønsker å styrke kultursamarbeidet. Om lag 8 millionar kroner er no tilgjengelege for samarbeidsprosjekt gjennom EØS-midla.

Illustrasjonsfoto frå eit EØS-middelfinansiert kulturprosjekt i Polen. Foto: Maciej Zakrzewski

Noreg og Litauen ønsker å styrke kultursamarbeidet. Om lag 8 millionar kroner er no tilgjengelege for samarbeidsprosjekt gjennom EØS-midla.

– Dette gir spennande muligheiter for eit mangfald av kunstnariske produksjonar innan alle sjangrar. Det opnar òg for mindre pilotprosjekt der kulturaktørar som ikkje har så mykje internasjonal erfaring, kan få kompetanse på internasjonalt samarbeid, seier Anna Benedicte Stigen i Kulturrådet som deltek i gjennomføringa av kulturprogramma under EØS-midla.

Det er mogleg å søke om støtte til felles prosjekt innan mellom anna musikk, scenekunst, visuell kunst, film, arkitektur og kulturarv. Det er lagt vekt på å stimulere kunstnarar frå dei ulike litauiske regionane til slike samarbeidsprosjekt. Kunst- og kulturtilbod for barn og unge er også prioritert.

Det er mogleg å søke om støtte til to ulike typar prosjekt: samarbeidsproduksjonar som må visast i Litauen og i Noreg, samt mindre samarbeidsprosjekt for å bygge kompetanse. Fleire detaljar om dette finst i sjølve utlysingsteksten.

Kven kan delta?

  • Organisasjonar og enkeltpersonar i Litauen og Noreg som har sitt hovudvirke på kulturfeltet
  • Offentlege kulturverksemder (nasjonalt, regionalt, lokalt)
  • Ikkje-statlege kulturorganisasjonar (NGO)

Det er den litauiske samarbeidspartnaren som formelt er ansvarleg for søknaden, men det er viktig at norske deltakarar har ei felles forståing av arbeidsoppgåver, ansvar og fordeling budsjett.

Kor stor er støtta?
Det gis tilskot frå 40 000 til 150 000 euro per prosjekt.

Fristen for å søke er 22. august 2014.

Kultursamarbeidet er finansiert av Noreg gjennom EØS-midla. Norsk kulturråd deltek i gjennomføringa av programmet og kan hjelpe norske aktørar med å finne fram til potensielle partnarar i Litauen.

Les meir/kontaktperson: