Utlysing: Kultursamarbeid med Tsjekkia

EØS-midla

Noreg og Tsjekkia ønsker å styrke kultursamarbeidet. Om lag 13 millionar kroner er no tilgjengelege for samarbeidsprosjekt.

Frå eit tidlegare kulturutvekslingsprosjekt som har fått støtte gjennom EØS-midla. Foto: Hilde Veronika Høie/Kulturproduksjoner

Noreg og Tsjekkia ønsker å styrke kultursamarbeidet. Om lag 13 millionar kroner er no tilgjengelege for samarbeidsprosjekt.

Det er mogleg å søke om støtte til felles prosjekt innan musikk, scenekunst, visuell kunst og film.

Føremålet er å styrkje kulturtilbod, kulturelt mangfald og minoritetars kulturuttrykk i Europa. Merk at kvart område har spesifisert kva slags aktivitetar ein kan søke stønad til. Sjå utlysingsteksten for fleire detaljar (lenke lengre ned på sida).

Kultursamarbeidet er finansiert av Noreg gjennom EØS-midla. Norsk kulturråd deltek i gjennomføringa av programmet og kan hjelpe norske aktørar med å finne fram til potensielle partnarar i Tsjekkia.

Kven kan delta?

  • Organisasjonar og enkeltpersonar i Tsjekkia og Noreg som har sitt hovudvirke på kulturfeltet
  • Offentlege kulturverksemder (nasjonalt, regionalt, lokalt)
  • Ikkje-statlege kulturorganisasjonar (NGO)
  • Enkeltpersonar som i løpet av dei siste tre år har vist framifrå resultat i sitt kunstnarlege verke

Kor stor er støtta?
Det gis tilskot frå 10 000 til 160 000 euro per prosjekt.

Fristen for å søke er 26. juni 2014.

Les meir/kontaktperson: