Utlysing: Norsk-latvisk forskingsprogram

EØS-midla

Gjennom EØS-midla er det no lyst ut over 36 millionar kroner til samarbeidsprosjekt mellom latviske og norske forskarar. Frist for å søke om støtte er 30. september 2014.

Gjennom EØS-midla er det no lyst ut over 36 millionar kroner til samarbeidsprosjekt mellom latviske og norske forskarar. Frist for å søke om støtte er 30. september 2014.

Det er mogleg å søke om støtte til prosjekt innanfor følgjande tema:

  • Samfunnsforsking og humanistisk forsking
  • Helse

Utlysinga er ein del av forskings- og utdanningsprogrammet i Latvia som Noreg finansierer gjennom EØS-midla. Ei av målsettingane er å styrke forskingssamarbeidet mellom Noreg og Latvia, og det er obligatorisk med minst ein norsk partnar i kvart prosjekt.

     Les meir: Guide til ein vellukka partnarskap

Det er også ei målsetting å bruke forskingsprogrammet til å styrke utdanningssamarbeidet mellom dei to landa våre. Prosjekt som involverer doktorgrads-, master- og eller bachelorstudentar får ekstra poeng i evalueringa av søknadene.

Noregs Forskingsråd er involvert i gjennomføringa av programmet og legg til rette for partnarskap. Norske forskarar og forskingsmiljø kan mellom anna registrere seg i ein eigen partnarbase på nettsidene til Forskingsrådet (sjå lenke nedanfor).

Gjennom EØS-midla har Noreg sett av over ein milliard kroner til forskingssamarbeid med Tsjekkia, Estland, Ungarn, Latvia, Polen, Romania og Hellas.

Les meir: