Utlysing: Samarbeid om CO2-handsaming

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Europaportalen

EØS-midla

Noreg og Tsjekkia er samde om at det er nødvendig med felles internasjonal satsing for å fremje karbonfangst og –lagring som klimatiltak. Norske fagmiljø inviterast no til samarbeid i Tsjekkia.

Foto: Morguefile/Click

Noreg og Tsjekkia er samde om at det er nødvendig med felles internasjonal satsing for å fremje karbonfangst og –lagring som klimatiltak. Norske fagmiljø inviterast no til samarbeid i Tsjekkia.

Tsjekkia har behov for å utforske moglegheitene for praktisk bruk av CCS-teknologi på heimebane både med tanke på metodar for karbonfangst, transport og lagring av CO2. Samstundes skal styresmakter og publikum få auka kunnskapen om CCS-teknologi som klimatiltak.

Norske partnarar er ønska til samarbeidsprosjekt for å gjennomføre undersøkingar/studier og opplysningsarbeid. Det er satt av om lag 50 millionar kroner til slikt samarbeid. Prosjekta vert finansiert av Noreg gjennom EØS-midla, og utlysinga er ute no. Sjå lenke til full utlysingstekst lengre ned på sida.

Kven kan vere partnar?
Offentlege og private institusjonar og verksemder, interesseorganisasjonar, forskingsmiljø i Noreg kan vere partnar i prosjekta og få dekka utgiftene sine. Merk at det er samarbeidspartnaren i Tsjekkia som må stå som hovudsøkar.

Frist
Alle søknader må vere sendt inn innan 16. juni 2014.

Det er det tsjekkiske miljøverndepartementet som gjennomfører programmet og handsamar søknadene. Dei kan òg svare på spørsmål om utlysinga. Sjå fleire detaljar nedanfor.


Last ned/kontaktinformasjon: