Utlysing: Stipend for studier i Estland og Latvia

EØS-midlane

Er du student og har lyst til å bli betre kjend med våre naboland Estland og Latvia? No er det mogleg å søke om utdanningsstipend for skuleåret 2015/16.

Er du student og har lyst til å bli betre kjend med våre naboland Estland og Latvia? No er det mogleg å søke om utdanningsstipend for skuleåret 2015/16.

Noreg, Estland og Latvia ønsker å styrke samarbeidet innan utdanning. Gjennom EØS-midla finansierer Noreg utdanningsprogram som legg til rette for dette.

Det er mellom anna mogleg for norske studentar og vitskaplege tilsette å få støtte til studie- og undervisnings/praksisopphald ved estiske og latviske utdanningsinstitusjonar. Støtta er lyst ut nå med søknadsfrist på nyåret.

For studentar vert det gitt stipend for studieopphald på inntil 12 månader. Utvekslingsprogramma er noko forskjellig frå land til land. Meir informasjon om dette i utlysingstekstane som er tilgjengelege via lenkene lengre ned på sida.

Senter for internasjonalisering av utdanning (SiU) er norsk partnar i gjennomføringa av utvekslingsprogrammet med Estland og Latvia, og kan hjelpe til med å svare på spørsmål. Sjå kontaktinformasjon nedanfor.

Meir informasjon