Utlysing: Støtte til NGO-samarbeid i Europa

EØS-midla

Frivillige organisasjonar i Hellas er på utkikk etter norske partnarar. Utlysing av støtte til slikt samarbeid føregår no.

Husk at det er mogleg å få støtte til studieturar til Hellas for å finne partnarar og skrive søknad om støtte til felles prosjekt. Sjå detaljar lengre ned i saka. Foto: Christian Grotnes Halvorsen/UD

Frivillige organisasjonar i Hellas er på utkikk etter norske partnarar. Utlysing av støtte til slikt samarbeid føregår no. 

Støtta er gjort tilgjengeleg av Noreg gjennom EØS-midla og skal bidra til å styrke det sivile samfunn i Hellas og fremje grunnleggande europeiske verdiar.

Det er lagt til rette for samarbeid med norske partnarar, til dømes norske frivillige organisasjonar, kommunar, forskingsinstitusjonar, private verksemder. Norske partnarar får dekka utgiftene til slikt samarbeid.

I Hellas har vi no lyst ut 22 millionar kroner i støtte til prosjekt innanfor to hovudområde:

  • Menneskerettar (inkludert minoritetar som romfolk og immigrantar, førebygging av hatkriminalitet og rasisme, likestilling med vidare)
  • Kapasitetsbygging (inkludert organisasjonsutvikling, nettverksbygging, opplæring, trening, pengeinnsamling med vidare)

Klikk på hovudområda for å lese utlysingstekstane

For å gjere det enklare å finne potensielle partnarar er det oppretta ei eiga nettside kor norske interessentar kan registrere seg og legge inn informasjon om organisasjonen dei representerer. Helsingforskomiteen hjelper også til med å legge til rette for samarbeid. Sjå kontantdetaljar nedst på sida.

Det er òg mogleg å søke om reisestøtte for å finne partnarar og utvikle søknader saman. Det er ulike fristar for utlysingane.

For menneskerettar:

  • Reisestøtte og utvikling av prosjektidear: 31. oktober 2014
  • Søknader om prosjektstøtte: 24. november 2014

For kapasitetsbygging:

  • Søknader om prosjektstøtte: 24. november 2014

Andre utlysingar
I tillegg føregår utlysningar til frivillige organisasjonar i Bulgaria med frist 18. november. Les utlysingsteksten her.

Meir informasjon: