Utlysing: Utdanningssamarbeid med Slovakia

EØS-midla

Omlag 600 nordmenn studerer i Slovakia i dag. Dei fleste for å bli lege eller veterinær. No ønskjer Noreg og Slovakia å styrke utdanningssamarbeidet ytterlegare.

Omlag 600 nordmenn studerer i Slovakia i dag. Dei fleste for å bli lege eller veterinær. No ønskjer Noreg og Slovakia å styrke utdanningssamarbeidet ytterlegare.

Gjennom EØS-midla er det lyst ut støtte til samarbeidsprosjekt mellom norske og slovakiske utdanningsinstitusjonar. Støtta er på 1,9 millionar euro (om lag 16 millionar kroner) og rettar seg mot vidaregåande skular, universitet og høgskular.

Det er mogleg å søke om støtte til mellom anna:

  • Felles studiemodular
  • Intensivkurs for studentar
  • Praksisplasser for doktorgradsstudentar
  • Utvikling av nye læringsmetodar
  • Sumarskule
  • Kunnskapskonkurransar for studentar

Last ned utlysingsteksten nedanfor for fleire detaljar om kva slags aktivitetar som kan få støtte. Frist for å søke er 12. september.

Gjennom EØS-midla finansierer Noreg liknande utdanningsprogram i elleve mottakarland. Utveksling av studentar og samarbeid over landegrensene er eit viktig verktøy for å auke kompetanse og bidra til modernisere utdanningssystema i Europa.

Det kjem fleire utlysingar om utdanningssamarbeid og utvekslingsprogram framover. Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) deltar i gjennomføringa utdanningsprogramma som er finansiert gjennom EØS-midla, og hjelper norske utdanningsinstitusjonar å finne partnarar i mottakarlanda.

Les meir: