Utlysing: Vurderer du å investere i Litauen?

EØS-midla

Driver verksemda di med miljøvennlig teknologiutvikling? Innovasjon Noreg hjelper deg med å finne businesspartnar i Litauen og gjev råd om korleis de kan søke om støtte frå EØS-midla.

Foto: Innovasjon Noreg

Driver verksemda di med miljøvennlig teknologiutvikling? Innovasjon Noreg hjelper deg med å finne businesspartnar i Litauen og gjev råd om korleis de kan søke om støtte frå EØS-midla.

Gjennom EØS-midla finansierer Noreg prosjektsamarbeid mellom litauisk og norsk næringsliv. Om lag 65 millionar kroner er satt av til slikt samarbeid.

I Litauen satsar vi på nye selskap og verksemder som mellom anna bidreg til:

  • utvikling av ny kommersiell miljøteknologi
  • erstatning av gamal teknologi med nye miljøvenlege produksjonsprosessar

Målgruppe
Små, mellomstore og større innovative verksemder, forskingsinstitusjonar og andre private organisasjonar registrert i Noreg kan delta.

Det er verksemder i Litauen som må stå som hovudsøkar om støtte. Dette betyr at du må inngå ein samarbeidsavtale med ein partnar i Litauen. Innovasjon Noreg kan hjelpe deg med å finne potensielle partnarar (sjå kontaktperson lengre ned på sida).

Prosjekt med norske partnarar kjem til å bli prioritert når støtte skal fordelast.

Søknadsfrist
2. juni 2014

Meir informasjon: