Varslar ny maritim strategi

Noreg har store moglegheiter i, på og under havet. No vil regjeringa legge fram ein ny maritim strategi.

Den maritime næringa i Noreg gir arbeid til over 100 000 menneske og skaper verdiar for 160 milliardar kroner i året.

- For å sikre at Noreg også i framtida skal vere ein verdsleiande maritim nasjon må vi sørgje for at næringa er konkurransedyktig og har evne til å omstille seg. Derfor ønskjer vi å legge fram ein maritim strategi, seier næringsminister Monica Mæland.

Nyheita om strategien vart lansert då statsminister Erna Solberg og næringsministeren besøkte Sunnmøre i slutten av april.

Strategien skal gi nokre svar på korleis vi kan oppretthalde og utvikle den maritime næringa.

- Vi må sjå den maritime næringa i ein større samanheng – vi må sjå på moglegheitene som ligg i, på og under havet. Her vil samspelet med andre havbaserte næringar, som offshore og marin sektor, vere viktig, seier Mæland.

Åtte tema 

Med utgangspunkt i den politiske plattforma til regjeringa, vil strategien ta for seg åtte satsingsområde:

1) Blå vekst: Strategien vil drøfte moglege synergiar mellom norske havbaserte næringar (maritim, marin og offshoreverksemd) og verdiskapingspotensialet knytt til marin og maritim teknologi for å  utnytte havrommet. 

2) Internasjonale rammevilkår: Noreg har ein sterk maritim posisjon i internasjonale fora. Den maritime næringa er ei global næring. Norsk maritim verdiskaping er avhengig av internasjonale marknader og likeverdige rammevilkår. Strategien vil identifisere sentrale utviklingstrekk innanfor maritime marknader, internasjonal politikkutvikling og mål- og strategiformulering for styresmaktene sitt internasjonale arbeid.

3)Kompetanse og utdanning: Tilgangen på kompetanse er avgjerande for å halde oppe og utvikle maritim konkurranse- og verdiskapingsevne. I strategien blir det gjort greie for næringa sitt kompetansebehov og korleis regjeringa vil bidra til å møte dette og styrke den maritime utdanninga.

4) Forsking, utvikling og innovasjon: Strategien vil gå gjennom og vurdere styresmaktene sine verkemiddel retta mot forsking, utvikling og innovasjon i maritim næring, inkludert moglege synergiar med verkemiddel retta mot dei marine næringane og offshorenæringane.

5)Miljø: Regjeringa har ambisiøse miljømål for den maritime næringa. Ved å legge fram ein strategi får regjeringa også høve til å utvikle og synleggjere ein eigen handlingsplan for ”grøn skipsfart”, inkludert tiltak for å fremme nærskipsfarten.

6) Sjøfartsadministrasjon og forenkling: Regjeringa ønskjer konkurransedyktige norske skipsregister og ein meir effektiv sjøfartsadministrasjon. Strategien vil presentere tiltak for nå desse måla, inkludert digitalisering og forenkling av sjøfartsadministrasjonen.

7) Fartsområdeutvalet: Regjeringa har som ambisjon å legge til rette for vekst i den norsk flåten gjennom innflagging til NIS-registeret og sikre tilstrekkeleg norsk operativ maritim kompetanse. Næringsministeren har derfor sett ned eit utval som skal vurdere fartsområdeavgrensingane i NIS og innretninga av nettolønnsordninga. Ein strategi vil følgje opp tilrådingane frå dette utvalet og spørsmålet om lovfesting av nettolønnsordninga.

8) Nordområda: Næringsverksemd er eit sentralt verkemiddel for å realisere regjeringa sine mål i nordområdesatsinga. Strategien vil drøfte kva moglegheiter som finst for framtidig maritim verdiskaping og styresmaktene sitt arbeid for å legge til rette og legge rammer for maritim næring i nordområda.

Tett dialog

Mæland har hatt innleiande samtalar med sitt Strategiske Råd for maritim utvikling (MARUT) om strategien og arbeidet med denne.

Arbeidet med den nye strategien vil komme inn på fleire departement sine ansvarsområde. Nærings- og fiskeridepartementet legg opp til tett dialog med departement som dette vedkjem, med den maritime næringa og med dei tilsette sine organisasjonar i arbeidet med strategien. Arbeidet vil også bli sett i nær samanheng med prosessar i EU.