Historisk arkiv

Varslar tiltak på Steinberg stasjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Regjeringa varslar fleire tiltak for å betre regulariteten på jernbanen mellom Hokksund og Drammen, med ønske om å gjenåpne Steinberg stasjon.

Regjeringa varslar fleire tiltak for å betre regulariteten på jernbanen mellom Hokksund og Drammen, med ønske om å gjenåpne Steinberg stasjon.

- Regjeringa har eit ønske om å gjenåpne Steinberg stasjon som stoppestad. Samtidig viser simuleringar gjort av Jernbaneverket, at det kan medføre redusert punktlegheit på jernbanestrekninga. Det gjer saka meir komplisert enn forventa, og det er behov for å sjå på løysingar utover lokale tiltak på Steinberg stasjon.

Det seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med at regjeringa i dag kjem med si tilråding om Steinberg stasjon i ein proposisjon som blir lagt fram for Stortinget (Prop. 97 S (2013-2014)).

Det har vore mykje diskusjon rundt moglegheita for å oppretthalde stopp på Steinberg stasjon etter at ny grunnrutemodell vart innført på Austlandet. Ruteendringane har auka trafikken på hovudstrekningane inn mot Oslo, med ein ytterlegare auke i lokal- og regiontog frå desember i år. Regjeringa har i tillegg varsla ein auke av passasjertilbodet på Sørlandsbanen.

Med ein auke i talet på togavgangar får vi eit auka behov for punktlegheit i jernbanenettet. Forseinkingar på enkeltliner kan no få langt større konsekvensar for heile togtrafikken på Austlandet enn før ruteomlegginga, da det var større tidsmargin mellom toga som skulle inn på strekninga mot Oslo S.

Stortingets vedtak om å opne Steinberg stasjon føresette positive resultat på simuleringane frå Jernbaneverket. Resultata har ikkje vore som ynskja for antatt driftsstabilitet, ved at ein kan oppleve at den stramme rutetabellen blir sett under ytterlegare press på ei strekning som allereie i dag slit med punktlegheita. Difor har Regjeringa arbeida med fleire moglege løysningar.

- Vi foreslår no for Stortinget at ein skal gjennomføre dei planlagte punktlegheitstiltaka, med hensikt deretter å ha ei prøveordning med ordinære stopp på Steinberg stasjon. Den praktiske erfaringa frå prøveordninga vil være eit særs viktig moment for den endelege beslutninga. Eg håper på god dialog med lokale myndigheter i dette arbeidet, seier Solvik-Olsen

På investeringssida foreslår regjeringa at det bør gjennomføras sikringstiltak på stasjonen: Gjerder, gangbru, enkle plattformtiltak og planovergang. Det foreslås også at det blir utført tiltak i spor og sikringsanlegg i Hokksund for å få ei meir effektiv togkryssing på stasjonen, samt fjerning av planovergangen i Rødgata ved Gulskogen stasjon i Drammen.  Dette er arbeid som vil bli utført i 2014/2015. Aktuelt tidspunkt for prøveordning med stopp på Steinberg stasjon vil difor vere ved ordinær ruteomlegging i 2015.

Samtidig ønskjer regjeringa å bidra med eit betre reisetilbod også før investeringane er ferdigstillt. Det vil difor bli utført tiltak for å leggje til rette for at to innsatstog (to mot Oslo på morgonen og to frå Oslo på ettermiddagen) kan stoppe på stasjonen frå august 2014.

Jernbaneverket vil i samarbeid med Statens vegvesen vurdere om det seinare kan etablerast  eit ekspressbusstopp i retning Oslo/Kongsberg.

Drammen-Hokksund

Frå kommunane i nedre del av Buskerud, i Buskerudbysamarbeidet, er det eit ønske om å etablere halvtimesruter Hokksund-Drammen, og Mjøndalen og Hokksund er blant dei stadene som er peika på som knutepunkt.

Det blir difor sett av midlar til å starte planlegging av dobbeltspor mellom Drammen og Hokksund. Planarbeidet  er avhengig av regjeringa si behandling av KS1 for Buskerudbypakke 2.

Prop. 97 S (2013-2014) Ein del saker om luftfart, veg og jernbane