Historisk arkiv

Veka som var - veke 44

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Europaportalen

Eit uhøgtideleg skråblikk på veka som var, sett frå Brussel

Det har vore ei spennande veke for både kattar og mus i Europa. Her er nokre av dei meir uhøgtidelege nyhendene frå veka som var.

Det har vore ei spennande veke for både kattar og mus i Europa. Her er nokre av dei meir uhøgtidelege nyhendene frå veka som var.

Internasjonal presse har fått med seg at nordmennene ventar på eit ras. Geologane frykta raset skulle kome på tysdag forrige veke, men fjellet Mannen i Rauma held framleis stand. BBC rapporterer om at det er sett opp direktesending der ein kan sjå fjellet på internett, og at dette er eit konsept norsk media også har brukt til å dekke laksefiske, ein peis og strikking. I fleire dagar har TV-sjåarane venta ivrig på raset, melder BBC. Også CTV News i Canada hyllar konseptet og kallar det «must-see TV».

Det viser seg ofte at ting ikkje er heilt slik som ein skulle tru. For mange EU-borgarar har dette vore tilfellet den siste veka. Ei ny undersøking viser nemleg at europearar overvurderer både talet på tenåringsgraviditetar og immigrantar.

Medan du planlegger dagens middag, kan du kanskje også vurdere på dette alternativet? Belgia er eit føregangsland i Europa når det gjeld å introdusere insektsbaserte matvarer i butikkhyllene. Det er miljøvenleg og har høgt proteininnhald. Høgrådet for folkehelse og det føderale matbyrået kom denne veka ut med sine anbefalingar for trygg produksjon, oppbevaring og inntak av insektsbaserte matvarer, så kanskje ein larveschnitzel ikkje er så dumt? Det fins 1200 insekt som passar som menneskemat i verda, men berre 12 er førebels godkjende som mat i Belgia.

Så over til kultur. Verdas første konsert for kattar blei holdt i London denne veka. Veterinærar, forskarar og lydingeniørar har skapt eit piano der kun kattar kan høyre «mjausikken». Årsaka er at lyden er høgfrekvent. Eit gjennomsnittleg menneske kan høyre lydar opp til 20.000 Hz, medan katteøyrer når heilt opp til 64.000 Hz. Under konserten fekk kattane høyre hits frå Jay-Z og Backstreet Boys, i tillegg til nasjonalsongar.

Også i Brussel skjer det ting på kattefronten. Snart vil byen sin første kattekafé opne. Her kan du ta ein kaffi og klappe ein katt. På bakrommet har pusane sitt eige avslappingsrom om det skulle blir for mykje klapp og kos. Dette er opprinneleg eit japansk konsept, som sjølvsagt har blitt adoptert av katte-elskande europearar.

Frå katt til mus. Kattane er nemleg ikkje dei einaste som har hatt ei spennande veke. Ei mus prøvde å snike seg om bord på eit Norwegian-fly til New York. Det heile resulterte i ei musejakt i cockpiten på flyet. Dei andre passasjerane var slett ikkje nøgde, då musejakta førte til at flyet blei fem timar forseinka.  Til slutt blei musa fanga, og måtte forbli på norsk jord, melder Reuters.