Historisk arkiv

Veka som var - veke 45

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Europaportalen

Eit uhøgtideleg skråblikk på veka som var, sett frå Brussel

Isbjørnar har skikkeleg tåfis og Geneve er verdas mest levelege by. Dette er noko av dei meir uhøgtidelege nyhendene frå Europa i veka som var.

Isbjørnar har skikkeleg tåfis og Geneve er verdas mest levelege by. Dette er noko av dei meir uhøgtidelege nyhendene frå Europa i veka som var.

Vi startar med litt UFO-nytt. Kvart år er det fleire tusen rapportar om observasjonar av UFOar rundt om i verda, men det fins ikkje mange som ser det naudsynt å etterforske dei. Det fins berre eit land som framleis har eit statsdrive UFO-team i Europa, nemleg Frankrike. Før hadde både Storbritannia og Danmark folk til å sjå på saker tilknytta uidentifiserte flygande objekt, men dei er stengte for årevis sidan på grunn av budsjettskutt. Så om du skulle sjå noko snodig fly over novemberhimmelen, ring Frankrike!

Det dukkar stadig opp ny og oppsiktsvekkande forsking. Denne veka er det blitt kjent at isbjørnar har skikkeleg tåfis. Men i motsetning til mennesket sin tåfis har isbjørntåfis ei viktig oppgåve. For kvart steg ein isbjørn tar markerer dei området sitt ved hjelp av dei stinkande føtene sine. På grunn av dei lange vandringane isbjørnen legg ut på, er det ikkje ofte dei treff andre. I paringstida kan derfor tåfisen vere ekstra nyttig for å finne ein passande make.

Sveits stakk denne veka av med både første og andre plass i kåringa av verdas mest levelege byar. Geneve og Zurich hamna på toppen av lista, langt framfor verdsmetropolar som London og New York. Fleire skandinaviske byar gjer det også bra. København enda som nummer fire, Helsinki som nummer fem og Stockholm blei nummer sju.

Dyr er ikkje lenger møblar i Frankrike. I rundt 200 år har franskmennene definert dyr som møblar, på lik line med ei vaskemaskin eller ein stol. No er definisjonen frå Napoleons-tida endra, og kattar og hundar er i staden blitt «levande vesen med evne til sensivitet». Det skal seiast at franske domstolar allereie straffar mishandling av dyr med opp til to års fengsel og bøter opp til 30.000 euro.  

Fordommar kan leve i hundrevis av år. Det fekk den irske læraren Katie Mulrennan merke då ho søkte jobb som engelsklærar i Sør-Korea. Årsaka til at ho ikkje blei vurdert til stillinga var nemleg at arbeidsgivaren ikkje ønskte å tilsette irar på grunn av deira tendens til å vere alkoholiserte. Mulrennan trudde knapt svaret var ekte, men klarte ikkje å la vere å le litt også.