Historisk arkiv

Veka som var - veke 48

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Europaportalen

Eit uhøgtideleg skråblikk på veka som var, sett frå Brussel

Det har skjedd mykje rart i Europa den siste veka. Les om mellom anna mammutar og fisepiller i vår uhøgtidelege nyhendeoppdatering frå kontinentet.

Det har skjedd mykje rart i Europa den siste veka. Les om mellom anna mammutar og fisepiller i vår uhøgtidelege nyhendeoppdatering frå kontinentet.

Veka startar i Italia denne gongen. Måndag blei det oppstandelse i Roma då ein russisk turist synest det var ein god idé å risse inn ein 25 centimeter lang «K» i sjølvaste Colosseum. Ein skulle kanskje tru det var ein ungdom som ikkje viste respekt for eit av Italia sine nasjonalsymbol, men nei: Mannen var heile 42 år. Feriebudsjettet fekk nok ein betydeleg sprekk då russaren bleit tatt på fersken av tryggleiksvaktene, og fekk ei saftig bot på 20.000 euro. Også ein australsk, ein brasiliansk og ein canadisk turist har tidlegare fått bøter for skrive på veggane til Colosseum. 

Julehandelen er i gang, og det ser ut til at nokon han vente seg eit flott mammutskjelett under treet i år. Denne veka blei nemleg eit mammutskjelett kjøpt på auksjon i London for 300.000 dollar. Eksemplaret skal vere blant dei mest komplette som fins, og tillegg var mammuten uvanleg stor med ei vekt på heile seks tonn.  Artikkelen opplyser ikkje kven som kjøpte mammuten, men vi håpar dei har kjøpt nok innpakningspapir og teip.

Om du endå ikkje har funne ut kva du skal gje til dine nære og kjære denne jula, kan kanskje fisepiller vere løysinga. Den 65 år gamle oppfinnaren Christian Poincheval hevdar nemleg at han har funne opp piller som får fis til å lukte roser. Til årets julestri har han lagt til «Julenissens fisepille som gjev deg fis som luktar sjokolade» i sortimentet. Der fins også piller til kjæledyra i familien. Årsaka til at han starta å utvikle fisepillene var fordi han ein  gong nesten blei kvelt av fiselukt i eit middagsselskap. Kva skal ein seie til det? Ikkje veit vi.

På eit sportsarrangement legg det alltid ein dempar på stemninga dersom det tek for lang tid frå vinnaren går i mål til han eller ho får medaljen på podiet. Eit søskenpar frå USA har likevel venta lengre enn dei fleste. Dei var deltakarar i kunstløp i dei olympiske lekane i austerrikske Innsbruck i 1964. I sjølve konkurransen vart dei nummer fire, men to år seinare kom det fram at dei vest-tyske sølvvinnarane hadde signert ein profesjonell kontrakt – den gong stikk i strid med det olympiske charteret. Ein lang dragkamp tok til, og denne veka enda han med at dei to kunstløparane omsider fikk den offisielle meldinga om at dei er olympiske bronsevinnarar i parløp på skøyter. Vi gratulerer.

Det gjekk bokstavleg talt rett i dass for ein mopedsjåfør i Amsterdam søndag kveld. Han ante fred og ingen fare medan han rulle bortover gata på mopeden sin. Plutseleg kom eit toalett opp frå bakken, og mannen klarte ikkje å stoppe. Han blei kasta i lufta og måtte til sjukehus med lettare skader. Fleire stader i Amsterdam sentrum har ein såkalla «pop-up toalett» for å hindre at folk urinerer i gata. Dei blir kalla UriLift og ligg under bakken før dei kjem opp når mørkret fell på. No blir den mystiske toalettkræsjen etterforska, og vi kan vente oss resultata i løpet av veka, melder politiet.