Historisk arkiv

Statsbudsjettet

Vidareføring av kringkastingsavgifta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa foreslår at kringkastingsavgifta blir vidareført på same nominelle nivå som i 2014. Det vil seie 2.527 kroner, når meirverdiavgifta ikkje er rekna med (2.729 kroner inkludert meirverdiavgift). Avgifta har auka meir enn pris- og lønnsveksten dei siste åra. Samstundes har også talet på lisensbetalarar auka.

NRK har rekna ut at det vil vere 10.000 fleire lisensbetalarar i 2015, slik at bruttoinntektene til NRK frå kringkastingsavgifta med uendra avgift, likevel vil auke med om lag 25 millionar kroner i 2015. Dette inneber ein nominell inntektsauke på 0,5 prosent.

NRK sine lisensinntekter har auka mykje sidan 2006. Nominelt har kringkastingsavgifta auka med 636 kroner fra 2006 til 2014. I same perioden har den prosentvise veksten vore nesten dobbelt så høg som den generelle prisstiginga (KPI). I tillegg har det blitt om lag 200.000 fleire lisensbetalarar sidan 2006. Om ein tar hensyn til både auka avgift og fleire avgiftsbetalarar, har lisensinntektene samla sett auka med nominelt 1.603 millionar kroner, frå 3.581 til 5.184 millionar kroner i 2013. Dette er ein auke på 44,8 prosent. NRK sine utgifter er i hovudsak uavhengige av talet på lisensbetalarar, og auken i talet på lisensbetalarar har dermed gitt NRK langt betre økonomiske rammevilkår.