Vil ikkje påby redningsvest

Regjeringa ønskjer ikkje eit påbod om bruk av redningsvest om bord i fritidsbåtar. – Det er viktig å bruke redningsvest, men eit påbod er ikkje vegen å gå, seier næringsminister Monica Mæland.

Regjeringa ønskjer ikkje eit påbod om bruk av redningsvest om bord i fritidsbåtar. – Det er viktig å bruke redningsvest, men eit påbod er ikkje vegen å gå, seier næringsminister Monica Mæland.

– Det må vere redningsvestar til alle som er om bord i båten. Eg trur på fridom under ansvar, og oppfordrar alle til å bruke vest. Ingen andre land har eit påbod om å bruke redningsvest. Eit påbod er ikkje vegen å gå, seier næringsminister Monica Mæland.

Over halvparten av den norske befolkninga er kvart år om bord i fritidsbåtar. Over 80 prosent bruker nesten alltid vest. Dessverre døyr likevel omkring 30 menneske i Noreg kvart år i samband med bruk av fritidsbåt. Dei fleste av desse bruker ikkje vest. Ein stor del av dei omkomne er vaksne menn.

Mykje blir gjort for å førebyggje og betre haldningar blant dei som bruker fritidsbåt.

– Vi skal fortsetje den gode innsatsen i det haldningsskapande arbeidet. Denne regjeringa har ikkje tru på at alt kan løysast med nok eit påbod eller forbod. Å påverke folk til gode haldningar og bruk av sunn fornuft er ofte viktigare, seier Mæland.

Blant anna er Sjøfartsdirektoratet og Redningsselskapet aktive med haldningskampanjar, og gjer ein viktig innsats for å førebyggje ulukker til sjøs.