Historisk arkiv

Vil lage samla strategi mot barnefattigdom

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Statsbudsjettet 2015

Barnefattigdom er ei stor utfordring som regjeringa tar på alvor. Derfor vert det no sett inn ekstra midlar for å kjempe mot konsekvensane av barnefattigdom.

- Eit overordna mål for regjeringas  arbeid mot barnefattigdom er å sikre barn som veks opp i fattige familiar like moglegheiter. Ei rekke tiltak er satt i gang og fylgt opp, og det blir no sett i gang arbeid med ein samla strategi, seier barneminister Solveig Horne.

Strategien skal bygge på samarbeidsavtala mellom regjeringa og Venstre og Kristeleg Folkeparti.

Regjeringa aukar løyvinga til tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn med fem millionar kroner. I tillegg inngår den nasjonale tilskotsordninga mot barnefattigdom i regjeringas samla satsing, som vidareførast med 115 millionar kroner. Regjeringa vidarefører også tilskotsordninga til Arbeids- og velferdsdirektoratet, som går til tiltak i kommunane for å førebygge og redusere fattigdom blant barn og unge som er i kontakt med dei sosiale tenestene i NAV-kontoret.

- Regjeringa vil at fleire barn og ungdom skal få delta på viktige sosiale arenaer, uavhengig av inntekta til foreldra. Det er fleire barn og unge som blir råka av dårlege oppvekst- og levekår i storbyane enn på landsbasis, seier barneminister Solveig Horne, og legg til:

- Tilskotsordningane er døme på korleis staten, kommunane, lokale lag og organisasjonar har samarbeidd godt. Kommunane må involverast i enda større grad og vi må gi gode verktøy for å målrette innsatsen slik at dei barna som treng det mest blir nådd, seier Horne.

Statsråden har gitt Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet oppdrag med å utvikle indikatorar på barnefattigdom og styrke evalueringa av innsatsen i kommunane.

Gratis kjernetid i barnehagar

Regjeringa styrker gratis kjernetid i barnehage med 20 millionar kroner, slik at den samla innsatsen no er på 89,9 millionar kroner. Innanfor fleire av områda med gratis kjernetid vil tilbodet rettast mot barn i familiar med låg inntekt. I tillegg vil det vere aktivitetsplikt for foreldra. Det betyr at foreldra til dømes må delta i norskopplæring, anna utdanning eller arbeidsliv dersom dei skal ha rett på gratis barnehageplass for sine barn.

- Det er viktig at barn har moglegheiter til å delta på dei felles arenaene, lærer språk og kan vere saman med andre barn. Gratis kjernetid er eit viktig tiltak i dette arbeidet, seier Solveig Horne.

Innsats i fleire departement

BLD koordinerer regjeringas innsats mot barnefattigdom, og fleire departement har tiltak som er viktig i arbeidet:

  • Helse- og omsorgsdepartementet foreslår å styrke helsetenesta med 400 millionar kroner. Løyvinga skal styrke helsestasjons- og skolehelsetenesta, psykisk helse og rus.
  • Kunnskapsdepartementet foreslår å gjere barnehagen billigare for familiar med låge inntekter.
  • Arbeids- og sosialdepartementet har på høyring lovforslag om at heimebuande barns inntekter, frå arbeid i fritid og ferier, som hovudregel ikkje skal reknast med ved vurdering og utmåling av økonomisk stønad til familien.