Historisk arkiv

Vil styrkje konkurransekrafta til nærskipsfarten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Regjeringa vil redusere CO2-utsleppa frå transportsektoren. Samferdselsdepartementet har bede Transnova om å auke fokus på nærskipsfart og teknologisatsing relevant for nærskipsfart.

Regjeringa vil redusere CO2-utsleppa frå transportsektoren. Samferdselsdepartementet har bede Transnova om å auke fokus på nærskipsfart og teknologisatsing relevant for nærskipsfart.

- Regjeringa ønskjer at sjøvegen både skal vere eit miljøvenleg og effektivt alternativ for godstransport, og i årets tildelingar har vi bede Transnova om å auke fokuset på ny drivstoffteknologi knytt til nærskipsfarten, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen. 

Frå 1. januar 2015 vil skipsfart i Nordsjøen, Østersjøen og Den engelske kanal bli pålagt krav om reduksjon av svovelutslepp, og det blir behov for alternative drivstoff. LNG (Liquefied Natural Gas) er eit alternativt drivstoff som har lågare klimagassutslepp enn tungolje, og LNG kan vere ei langsiktig løysing på utsleppskrava.

- Kravet om redusert svovelutslepp er eit viktig miljøtiltak, men det kan føre til ei kostnadsauke som svekkjer nærskipsfarten si konkurranseevne. Dette er stikk i strid med regjeringas ønske om at meir gods blir transportert til sjøs, difor er ny drivstoffteknologi eit viktig satsingsområde framover. Her må både styresmakter og næringane bidra til forbetringar, seier samferdselsministeren.