Abelprisutdeling og bankettmiddag for prisvinnaren

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

H.M. Kong Harald V overrekker Abelprisen til professor i matematikk Dennis Sullivan, Stony Brook University, USA, og Graduate School and University Center of the City University of New York, USA.

Sullivan mottek prisen på sju og ein halv millionar kroner for sitt banebrytande bidrag til topologien i breiaste forstand, og særleg dei algebraiske, geometriske og dynamiske aspekta. 

Prisutdelinga er flytta til Akademiets Hus i Drammensveien 78.

Tid: Tysdag 24. mai 2022, klokka 16.00. Gjestane må vere på plass kl. 15.40.  

Regjeringsbankett: Akershus slott 

Tid: Tysdag 24. mai klokka 19.00. Det blir høve til foto av prisvinnar kl. 18.50 ved inngangen. Gjestane kjem til banketten mellom kl. 18.10 og 18.40. Det blir òg høve til å filme/fotografere talen til statsråd Ola Borten Moe ca. kl. 19.30. 

Fotograf Naina Helen Jåma (tlf. 948 29 583) arbeider på oppdrag frå Akademiet. Bilete kan sendast etter avtale med fotografen. Etter ei tid vil utvalde bilete blir lagde ut på abelprisen.no. 

Påmelding for pressa/fotografar til Akershus slott i samband med Abelprisbanketten:

Kommunikasjonsrådgjevar Dag H. Nestegard. E-post: dag-h.nestegard@kd.dep.no, mobil: 48 17 02 09. 

Journalistar må ta med ID med bilete. Namn må sendast inn på førehand. 

Onsdag 25. mai klokka 10.00 føreles Dennis Sullivan på Universitetet i Oslo, Georg Sverdrups hus med tittelen: «Gathering chestnuts of math related to fluid motion.