Historisk arkiv

Abelprisutdeling og gallamiddag for prisvinnaren

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

H.M. Kong Harald overrekkjer Abelprisen til Yves Meyer frå École Normale Supérieure Paris-Saclay. Meyer mottek prisen på seks millionar kroner for si nøkkelrolle i utviklinga av den matematiske teorien om wavelets

– Eg likte å gå til åtak på problem med berre nevane og finne heilt eigne idear, annleis enn dei tradisjonelle ideane, seier Meyer. 

Wavelet-analyse har vore brukt innan ei rekkje svært forskjellige område, som datakompresjon, støyreduksjon, medisinsk biletdiagnostikk, arkivering, digital kino og forbetring av oppløysinga på bilete frå romteleskopet Hubble. 

Prisutdeling: Universitetets Aula

Tid: 23. mai 2017, klokka 1400. 

Gallamiddag: Akershus festning

23. mai klokka 1900. Det blir høve til foto av prisvinnar kl. 1850 ved inngangen. Gjestene kjem til banketten mellom kl. 1810 og 1840. Det blir òg høve til å filme/fotografere talane til statsråd Torbjørn Røe Isaksen og bankettalar Robbert Dijkgraaf ca. kl. 19.30. 

NTB Scanpix fotograferer på prisutdelinga. Utvalde bilde blir lagt inn på
http://www.abelprisen.no/c53081/bildearkiv.html?site_id=45159

Påmelding for pressa/fotografar til Akershus slott i samband med Abelbanketten: Kommunikasjonsrådgivar Stian Stang Christiansen.

E-post: stch@kd.dep.no, mobil: 99 23 90 83.