Historisk arkiv

Presseinformasjon

Statssekretær Halvorsen til Montenegro

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Statssekretær for EØS- og EU-saker, Audun Halvorsen, reiser til Montenegro 16.-17. oktober.

Halvorsen deltek på ein konferanse i høve ti-årsdagen for signeringa av stabiliserings- og assosieringsavtalen med EU. Regjeringa i Montenegro arrangerer konferansen. Europaminister Andrija Pejovic er vert og fleire utanriks- og europaministrar frå landa på Vest-Balkan deltek på konferansen.

Statssekretæren vil også ha bilaterale møte med fleire av deltakarane på konferansen. Noreg er aktivt engasjert i arbeidet med å skape stabilitet i denne delen av Europa, og formålet med vitjinga er å styrke forholdet til landa på Vest-Balkan. Denne veka foreslo regjeringa å doble innsatsen på Vest-Balkan i statsbudsjettet.

Europaministeren i Montenegro, Andrija Pejovic, var i Noreg i mai i år. Dette er eit høve til å utdjupe dialogen med Pejovic og formidle våre røynsler med samarbeidet med EU og korleis Noreg organiserer det europapolitiske arbeidet.

Pressekontakt: Pressevakta UD,  23 95 00 02