Historisk arkiv

Presseinformasjon

Frist for akkreditering til generalforsamlinga i FN

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Media som skal dekke FNs 70. generalforsamling hausten 2015 må ha FN-akkreditering. Frist: 9. september.

Opninga av FNs 70. generalforsamling vert markert med ei veke med toppmøte, frå fredag 25. september til måndag 5. oktober. Frå Noreg deltek etter planen statsminister Erna Solberg, utanriksminister Børge Brende, EØS/EU-minister Vidar Helgesen og klima- og miljøminister Tine Sundtoft.

Media som ønskjer å dekke det som skjer i FN desse dagane må søkje akkreditering frå FN seinast onsdag 9. september. Meir informasjon om dette finn du på FN sine nettsider.  

Alle må:

Akkrediteringa skjer i regi av FN si Media Accreditation and Liaison Unit (Malu).

UD vil sende ut eit eige program for utanriksministeren seinare.

Pressekontaktar
For statsministeren: Kommunikasjonssjef Tor Borgersen, mobil 909 38 987.
For utanriksministeren og EØS/EU-ministeren: Kommunikasjonssjef Frode Overland Andersen, mobil 917 22 022 (25. – 28. september) og
underdirektør Kristin Enstad (28. – 30. september), mobil 482 68 835 .  
For klima- og miljøministeren: Kommunikasjonssjef Jon Berg, 905 69 495.  
FN-delegasjonen i New York: Presseråd Ragnhild H. Simenstad, +1 646 642 9910.