Historisk arkiv

Aksepterer ikkje bruk av bompengar til lobbyverksemd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Det er heilt uaktuelt å bruke bompengar til lobbyverksemd. Eigarkommunane må difor raskt finne ei løysing for av gjelda til bompengeselskapet Eksportvegen. Dette er viktig for at bilistane gjennom Vågstrandtunnelen ikkje blir påført store ekstrakostnader og for å unngå auka risiko for garantiansvaret til fylkeskommunen, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Samferdselsminister Dale hadde 17. oktober møte med kommunane Rauma og Vestnes samt Møre og Romsdal fylkeskommune for å finne ei løysing på ei gjeld på 1,9 millionar kroner som bompengeselskapet Eksportvegen har. Gjelda blei pådrege før Stortinget ga samtykke til å krevje inn bompengar. Beløpet på 1,9 millionar hadde tidlegare blitt brukt på lobbyverksemd for å få prosjektet realisert. Dei lokale styresmaktene har meint at dei kan bruke midlar som står på bompengeselskapets bok, men dette er pengar som skal kome bilistane til gode.

- Dersom partane finn fram til ei løysing, står staten klar med om lag 280 millionar kroner for å slette bompengegjelda for Vågstrandtunnelen. Dette vil gjere det mogleg å fjerne bomstasjonen, slik at bilistane kan køyre gratis. I tillegg vil bompengeselskapet kunne få årlege midlar for å redusere bompengetakstane med 10 prosent på Tresfjordbrua. Dette er eit tilbod som dei lokale styresmaktane tidlegare har takka nei til, seier Dale.