Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Akuttutvalet overleverer NOU 2015:17 Først og fremst

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Fredag mottek helse- og omsorgsminister Bent Høie ein NOU om akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus. Utvalet er leia av Ann-Kristin Olsen, og har hatt som mandat å beskrive eit heilskapleg system som skal ta vare på befolkninga sitt behov for tryggleik ved akutt sjukdom og skade.

Tid: Fredag 4. desember kl. 12.30

Stad: Legevakta på Aker sykehus, Trondheimsveien 235, inngang legevakt bygg 4

Ann-Kristin Olsen vil presentere innhaldet i rapporten og overrekke han til statsråden. Utvalsmedlemmane vil også vere til stades.

Pressa er velkomen til å delta. Statsråden og utvalsleiar vil vere tilgjengelege for kommentarar.