Historisk arkiv

Alexandria Algard ny juryleiar for Attraktiv by-prisen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Alexandria Algard, tidlegare president i Norske arkitekters landsforbund, er utnemnd som ny juryleiar for Attraktiv by statens pris for berekraftig by- og stadsutvikling. I tillegg har juryen fleire nye medlemmer.

- I Alexandria Algard får vi ein engasjert juryleiar som er opptatt av kva som må til for å lage gode bumiljø i byar og lokalsamfunn, der folk trivst. Ho er fagleg sterk og særs opptatt av by- og stadutvikling, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Algard har erfaring frå arkitektkontor i New York, Rotterdam og Basel. I 2012 etablerte ho eige arkitektkontor i Stavanger, der ho i tillegg til arkitektur, også arbeider med by- og stadutvikling med vekt på livskvalitet og berekraft.

Juryleiar Alexandria Algard. Foto: Tommy Ellingsen
Juryleiar Alexandria Algard. Foto: Tommy Ellingsen

- Stadane vi bur, jobbar og leikar påverkar liva våre –livskvaliteten vår. Vi kan skape fabelaktige stadar å leve: Heilskaplege nabolag, som inneheld dei funksjonane eit liv treng. Om vi skal lage gode bygde miljø, må vi forstå korleis menneske agerer, og når dei trivst og ikkje trivst. Eg er takksam for juryleiarvervet og ser fram til å jakte dei beste eksempla i heile Noreg, seier Alexandria Algard.

Ho får med seg ein særs kompetent jury. Heidi Ramsvik og Michael Fuller-Gee er med frå den førre juryen. Dei andre er nye.

Dette er juryen:

1. Alexandria Algard, sivilarkitekt, juryleiar. Sjølvstendig næringsdrivande i Alexandria Algard Architects. Tidlegare president i NAL (Norske arkitekters landsforbund). Bur i Stavanger.

2. Edel Eikeseth, pensjonert sivilarkitekt. Tidlegare kommunaldirektør for Byrådsavdeling for miljø, byutvikling og tekniske tenester i Bergen kommune (1996–2002). Bur i Bergen.

3. Heidi Ramsvik, rådgjevar i stadutvikling i Nordland fylkeskommune og student ph.d. ved NMBU med støtte frå Forskingsrådet. Bur i Bodø.

4. Michael Fuller-Gee, landskapsarkitekt, sjefsarkitekt, byplanleggjar i Arendal kommune. Bur i Arendal.

5. Sverre Landmark, jurist, sjølvstendig næringsdrivande. Tidlegare direktør for Samfunn og plan i Aspelin Ramm Eiendom. Bur i Oslo.

6. Navid Navid, sivilarkitekt, sjølvstendig næringsdrivande. Bur i Flakstad kommune.


Attraktiv by-prisen blei etablert i 2015 med ein uavhengig jury oppnemnd for fire år. Algard etterfølgjer Erling Dokk Holm som juryleiar i den nye juryen som er oppnemnd frå 2019. Prisen blir i år delt ut for femte gong. Starten for nominasjonane blir annonsert om kort tid.

Attraktiv by-prisen skal inspirere til ei berekraftig by- og tettstadutvikling ved å løfte fram gode eksempel.

Prisen blir delt ut av kommunal- og moderniseringsministeren, og utgjer eit diplom, ein veggplakett og 250 000 kroner. Tidlegare prisvinnarar er Kristiansand (2018), Fredrikstad (2017), Bodø (2016) og Trondheim og St. Olavs hospital (2015).

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00