Alle kommunar har no fått eingangsmidlar til lågterskel psykisk helsetilbod

Alle kommunar i landet har no fått utbetalt sin del av 100 millionar kronar til lågterskeltilbod innan psykisk helse. Pengane blei løyva i tilleggsproposisjonen for pandemien som blei vedtatt i januar i år.

Psykisk helse er eit av regjeringa sine viktigaste satsingsområder. 

– Pandemien har på ulike måtar satt spor i oss alle. Eg er glad for at midla no er delt ut og håpar dei bidrar til ein auka kapasitet i dei kommunale tilboda slik at personar som treng hjelp får det, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol. 

Styrka og auka tilgang

Helsedirektoratet har fordelt tilskotet til alle norske kommunar etter objektive kriterium. Målet er at tilskotet på ein rask måte kan bidra til å styrke og auke tilgangen til eksisterande kommunale lågterskeltilbod innan psykisk helse. 

– Det er viktig å kome tidleg inn for å hindre at lettare psykiske helseplagar utviklar seg i ei meir alvorleg retning. Hjelpa må vere tilgjengeleg for dei som treng den, seier Kjerkol. 

– Lågterskeltilbod i kommunane er viktige for å sikre denne tilgjengelegheita, legg ho til. 

Langsiktig arbeid med å styrke psykisk helse

Regjeringa ønsker òg å styrke det psykiske helsetilbodet  på sikt. Arbeidet med ein ny plan for opptrapping innan psykisk helse er i gong. 

Opptrappinga skal vektlegge dei kommunale tenestene, men skal òg sikre auka kvalitet og kapasitet i spesialisthelsetenesten.

– Vi så utfordringar innan psykisk helse før pandemien, og dei har blitt forsterka gjennom pandemien. No må vi styrke innsatsen for heile befolkninga si psykiske helse, slår helse- og omsorgsministeren fast.