Historisk arkiv

Anbod for drift av flyrutene Andenes – Bodø og Andenes – Tromsø

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet har i dag utlyst anbod for drift av regionale flyruter på strekningane Andenes – Bodø og Andenes – Tromsø for perioden 1. januar 2008 - 31. mars 2009. Flyselskap i alle EØS-land er inviterte til å levere anbod.

Samferdselsdepartementet har i dag utlyst anbod for drift av regionale flyruter på strekningane Andenes – Bodø og Andenes – Tromsø for perioden 1. januar 2008 - 31. mars 2009. Flyselskap i alle EØS-land er inviterte til å levere anbod.

Coast Air vart løyst frå si kontrakt for drift av rutene Andenes - Bodø/Tromsø  med verknad frå 31. mars i år. Widerøes Flyveselskap AS tok etter avtale med Samferdselsdepartementet over kontrakten på same vilkår som Coast Air.

Etter oppmodning frå  EUs overvakingsorgan, ESA, har Samferdselsdepartementet bestemt at rutene skal lysast ut på nytt. Vilkåra for anbodet er dei same som blei lagt til grunn ved utlysing av anbod på desse strekningane for perioden 1. april 2006 - 31. mars 2009.

Statleg kjøp av flytransporttenester skal vere med på å styrkje stabil sysselsetting og busetting i distrikta. Målet med kjøpet er å få eit langsiktig, samfunnsøkonomisk effektivt og likeverdig lufttransporttilbod, med ein god transportstandard som er til nytte for folk og næringsliv, og som reduserer avstandsulemper og fremjar ei god utvikling i regionane.

Anbodsfristen går ut 22. oktober 2007.

Til redaksjonen:
For meir informasjon – sjå: