Historisk arkiv

Landbruks- og matministeren sitt innlegg til Stortinget si behandling av Meld. St. 6 (2016-2017) - Verdier i vekst - konkurransedyktig skog- og trenæring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Innst. 162 S (2016-2017), Innstilling fra næringskomiteen .

La meg starte med å takke komiteen for å ha levert ei innstilling til den første skogmeldinga som har kome til Stortinget på 18 år. Det er eit viktig poeng i seg sjølv at vi har laga ei skogmelding som no samlar brei støtte på Stortinget for viktige prioriteringar for å sørgje for at vi greier å ha ein lønsam skogindustri, ei lønsam avverking, i Noreg også dei komande åra. Det er positive utviklingstrekk når avverkinga frå norske skogar går opp trass i at prisen har gått ned. Det viser vilje og evne hos norske skogeigarar til å avverke, til å bruke dei skogressursane som ligg der, anten det er for eksport eller for å leite etter nye marknader heime. Då er det morosamt faktisk å kunne ta innover seg at denne regjeringa, i lag med våre to støtteparti, på mange måtar har gjeninnført skogpolitikken i denne perioden. Det er utgangspunktet for denne meldinga. Ho kjem seint i en stortingsperiode, men vi har ikkje lege på latsida medan vi laga ho. Tvert imot har vi systematisk jobba for å bidra til å styrkje konkurransekrafta til norske skogeigarar, og det har vi gjort på mange måtar.

Men først nokre ord om meldinga. Det denne meldinga er veldig tydeleg på, er at det krevst ei arbeidsdeling og ei ansvarsdeling mellom det som er staten sitt ansvar, og det som er næringa sitt eige ansvar i skogsektoren. Det er eit utruleg potensial for å utnytte skogressursane som norske skogeigarar rår over, i endå større grad enn i dag. Måten staten må leggje til rette for det på, er å ha ein konkurransedyktig politikk for alt næringsliv som bidreg til at det er kapital som finn dei lønsame prosjekta også i skognæringa, får realisert dei og får reist ny industri. Samtidig er det avgjerande at vi held fram med å løyse utfordringane innanfor infrastruktur: Til sjuande og sist er det skogeigaren, den som eig skogen, som må avgjere kva vurdering ein gjer. Det seier denne meldinga tydeleg at vi må ha ei arbeidsdeling på. Bioøkonomistrategien som regjeringa har lagt fram, seier det same.

Noko av det viktigaste vi faktisk gjer, og som vi allereie har gjort i denne perioden, er at vi har hatt ei betydeleg satsing på infrastruktur, og ikkje berre på veg og bane. Når vi frå denne regjeringa si side har redusert vedlikehaldsetterslepet i samarbeid med Kristeleg Folkeparti og Venstre både på veg og på jernbane, betyr det noko for dei som har høge transportkostnader og dårlege føresetnader for å få logistikken til å gå opp. Då vi skreiv opp 1 000 veglister, er det noko tidlegare regjeringar kunne ha prioritert for å styrkje konkurransegrunnlaget, for å få ned kostnadene. Men dei har valt ikkje å gjere det. Når vi no føreslår ei ny flaskehalsordning, som får støtte av fleirtalet her, og når vi skreiv opp fleire vegar til å tole 60 tonn og auka lengda på tømmervogntoga til 24 meter, betyr det noko for kostnadene skogeigarane pådreg seg på veg til marknaden. Difor byggjer denne regjeringa vidare på mykje godt levert arbeid i denne skogmeldinga, bl.a. ei dobling av satsinga på tømmerkaier, ein nesten like stor auke på skogsbilvegar og nye innblandingskrav for biodrivstoff, som dei fire samarbeidspartia har stått bak.

Det er artig når ein har følgt denne debatten gjennom snart halvannan time, å bruke lite grann tid på tampen til å reflektere rundt nokre av poenga frå debatten, bl.a. at Arbeidarpartiet no skal stoppe arronderingssal i Statskog før vi har selt ut like mykje skog som Arbeidarpartiet medan dei sat i regjering, meinte at det var fornuftig å selje på arronderingssal. Det er i alle fall greitt å meine dei same tinga når ein er i posisjon, som når ein er i opposisjon, viss ein skal ha truverdigheit også i skogpolitikken.

Det andre som er verdt å merke seg, er at Senterpartiet og Arbeidarpartiet potensielt skal fortsetje å skaffe fleirtal saman med SV for skogpolitikken. Etter å ha følgt med på SV i dagens debatt trur eg det er viktig å ønskje dei lykke til, for dei har vist ei fullstendig avsporing av alle logiske resonnement. Når dei seier at vi må styrkje moglegheita til å bruke tre, må ein også sørgje for infrastruktur inn i skogen for å hente han ut. Det er berre i Stortinget det går an å ha ein slik debatt. For dei fleste skogeigarar framstår det som relativt fjernt frå verkelegheita.