Antibiotikaresistens må løysast gjennom internasjonalt samarbeid

Utfordringane knytt til antibiotikaresistens må løysast gjennom internasjonalt samarbeid, sa landbruks- og matminister Jon Georg Dale då han i dag tok opp spørsmålet på Nordisk ministerråd sitt møte i Åbo.

Dei nordiske landa vil halde fram sitt felles arbeid for å bekjempe resistensutfordringa.  – Eg er godt nøgd med at dei nordiske helse-og landbruksministrane i september i fjor vedtok den første felles One-Health-deklarasjonen der prinsippa for det vidare arbeidet med One Health er nedfelt, seier Dale.

– No er det viktig at vi kjem vidare i arbeidet og får nedsett ei strategisk gruppe som skal bidra inn mot globale prosessar i arbeidet mot antibiotikaresistens i EU, WHO, FAO og andre internasjonale organisasjoner, seier landbruks-og matminister Jon Georg Dale. 

Det er stadig fleire bakteriar som er motstandsdyktige mot antibiotika;  dei er antibiotikaresistente. Dette kan få store konseskvensar for folkehelsa ved at infeksjonar som i dag er relativt enkle å behandle med antibiotika kan bli svært alvorlege. Årsaka til resistensen er overforbruk og feil bruk av antibiotika til folk og dyr.  

På Nordisk ministerråd. F.v: Landbruks- og matminister Jon Georg Dale, Norge. Statssekretær Terje Halleland, Landbruks-og matdepartementet, Norge. Anna Tofftén, departementsråd, Næringsdepartementet, Sverige og Sven-Erik Bucht, landsbygdsminister, Næringsdepartementet, Sverige.
På Nordisk ministerråd. F.v: Landbruks- og matminister Jon Georg Dale, Norge. Statssekretær Terje Halleland, Landbruks-og matdepartementet, Norge. Anna Tofftén, departementsråd, Næringsdepartementet, Sverige og Sven-Erik Bucht, landsbygdsminister, Næringsdepartementet, Sverige. Foto: Landbruks- og matdepatemenet