Åpenhet: - Upresist om statsrådskalender

Så langt har Stortinget med stort fleirtal avvist å innføre den ordninga som Dagbladet no har fått det for seg at skal takast vekk.

Dagbladet skriv 31. august at det går fram av kalenderinnføringar hjå den politiske leiinga i Klima- og miljødepartementet at dei i juni hadde eit møte med Bjørn Rune Gjelsten. I samband med dette blir framlegget til endringar i offentleglova omtala. Denne omtala er ikkje treffande.

Det heiter i artikkelen at «dersom regjeringen får det som den vil, vil retten til å kreve innsyn i elektroniske kalendere bli inndratt.»

Framlegget går ut på å innføre eit unntak frå innsyn for kalenderinnføringar, men dei vil framleis vera å rekne som «saksdokument» etter offentleglova dersom dei vanlege vilkåra for dette er til stades.

Dersom det til dømes kjem førespurnadar om eit møte med nokon i eit departement eller ein kommune, vil førespurnaden og svaret vera omfatta av journalføringsplikta dersom dei alminnelege vilkåra i arkivforskrifta er til stades. Dokumenta vil vera omfatta av innsynsretten etter offentleglova. Ålmenta vil såleis kunne følgje med på kven som avtalar møte med offentlege organ.

Framlegget om unntak frå innsyn for kalender er ikkje spesifikt knytt til statsrådar og departement. Innsynsrett vil gjelde til dømes medarbeidarar i barnevernet, NAV-tilsette og politifolk. Mange vil ha eit klart behov for eit generelt unntak for innsyn i kalender. Det vil vera opp til organet sjølv om det likevel skal gjevast innsyn.

Det vil fortsatt være høve til å spørja statsrådar og politikarar om kven dei har hatt møte med, og det vil bli svara på slike spørsmål på heilt vanleg vis.

Verken statsrådar eller stortingsrepresentantar har plikt til å registrere kven dei møter, verken i kalendrar eller andre stadar. Og om ei slik oversikt faktisk eksisterer, har ikkje offentlegheita i dag nokon automatisk rett til innsyn i denne. Ein kan meine at det bør vere ei slik møteføringsplikt og innsynsrett, og dette har vore diskutert fleire gonger i Stortinget under debattar om etablering av såkalla «lobbyregister». Men så langt har Stortinget med stort fleirtal avvist å innføre den ordninga som Dagbladet no har fått det for seg at skal takast vekk.

Til toppen