Davos: Brende med appell om utdanning for syriske flyktningbarn

– Om lag 2,8 millionar syriske barn er i dag utan tilbod om skulegang. Å satse på utdanning er heilt avgjerande i vår innsats for å hjelpe dei som har flykta frå Syria, og ikkje minst dei som framleis er att inne i det krigsherja landet, seier utanriksminister Børge Brende.

Utanriksministeren deltok på ein pressekonferanse om utdanning for syriske flyktningar under World Economic Forum i Davos. Initiativtakar for arrangementet var Gordon Brown, FNs generalsekretær sin spesialutsending for global utdanning. Brown har som mål å mobilisere støtte til utdanning for syriske flyktningbarn framfor givarlandskonferansen for Syria i London 4. februar. Noreg er medarrangør for denne konferansen og har eit særleg ansvar for utdanningsdelen.

– Målet vårt i London er å sikre at alle barn i nabolanda til Syria har tilgang til utdanning innan skuleåret 2016/2017. Vi skal sørgje for at både syriske flyktningbarn og alle andre barn i desse landa får utdanning. Dersom vi ikkje tek grep no blir millionar av barn ståande utanfor skulesystemet, og det vil ha store negative verknader for heile regionen, uttalte Brende under pressekonferansen i Davos.

Blant dei andre deltakarane var EU-kommissær Johannes Hahn, Unicef-direktør Anthony Lake og leiar for Global Business Coalition for Education, Sarah Brown. Dei la alle vekt på at det ikkje blir enkelt å skaffe utdanning til alle, men at det er mogleg å få til dersom regjeringar, private aktørar og sivilsamfunnsorganisasjonar jobbar saman om eit felles mål.

– Å investere i utdanning er å investere i framtida, og det er det beste håpet syrarane har for å raskt kunne byggje opp att landet sitt når konflikten ein dag tek slutt. Noreg gir rundt 8 prosent av vår humanitære bistand til utdanning, fordi vi meiner skulegang er så viktig. I London kjem vi til å annonsere ytterlegare auke i bistanden til krisa i Syria, og vi håpar at andre donorar følgjer vårt eksempel, sa utanriksminister Brende.