Historisk arkiv

Arbeider mot korrupsjon i kommunane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionaldepartementet støttar eit nytt antikorrupsjonsarbeid mellom KS og Transparency International med 550 000 kroner. – Vi vil leggje til rette for ei forvalting i kommunane som byggjer på høg etisk standard og skaper tillit, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet støttar eit nytt antikorrupsjonsarbeid mellom KS og Transparency International med 550 000 kroner. – Vi vil leggje til rette for ei forvalting i kommunane som byggjer på høg etisk standard og skaper tillit, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet støttar difor prosjektet med meir enn ein halv million kroner i år. Prosjektet byggjer på eit samarbeid mellom kommunesektorens interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon (KS) og Transparency International Norge (TI). I første fase av prosjektet skal dei to organisasjonane samarbeide tett med kommunane Oslo og Grimstad.

- Det er svært positivt at KS og TI har valt å samarbeide for å setje antikorrupsjonsarbeid på dagsorden. KS og TI viser gjennom dette prosjektet eit viktig engasjement for å bidra til høg etisk standard i heile kommunesektoren. Merksemd om antikorrupsjonsarbeid og høg etisk standard er grunnleggjande viktig for at innbyggjarane skal ha tillit til kommunen sin, seier Navarsete.

Gjennom prosjektet som har fått namnet Openheit, integritet og antikorrupsjonsarbeid i kommunesektoren, vil dei to organisasjonane:

  • Kartleggje kommunane si sårbarheit og risikoområde for korrupsjon
  • Få fram sektoren sitt behov for verkty og metodar i arbeidet med å redusere risikoen for korrupsjon
  • Utvikle antikorrupsjonshandbok for kommunesektoren.

– Dette er et verdifullt tiltak for framleis satsing på etikk og antikorrupsjonsarbeid i kommunesektoren. Folkevalde skal sørgje for at ressursane blir brukte på best mogleg måte for innbyggjarane. Eg har høge forventningar til kva dei to organisasjonane kan få til, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

 
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.